Utløpt

Internrevisor

Arbeidsgiver
Helse Vest RHF
Stillingstittel
Internrevisor
Frist
17.10.2021
Ansettelsesform
Fast

Vi ønsker å styrke internrevisjonen i Helse Vest RHF med ein til to dyktige medarbeidarar.

Om stillinga
Internrevisjonen i Helse Vest RHF er ein uavhengig og objektiv rådgivingsfunksjon som på oppdrag frå Styret bidrar til at Helse Vest RHF har god styring av verksemda og handterer risikostyring godt. Det inneber mellom anna å overvake og bidra til forbetringar i føretaksgruppa si verksemdstyring, internkontroll og risikostyring.  
Revisjonsområder blir fordelt mellom tilsette i internrevisjonen med utgangspunkt i kompetanse og erfaring. Vi forventar at du engasjerer deg i eit mangfald av tema i tillegg til at du vil følgje med på utviklinga innanfor faget, relevante reguleringar og god praksis.

Utøvinga av internrevisjonen skal vere i samsvar med etablerte standardar for internrevisjon (IIA) og krav til internrevisjon i staten (R-117). 
Internrevisjonen er underlagt Styret i Helse Vest RHF, og rapporterer til styret sitt revisjonsutval og administrativt til administrerande direktør. 

Arbeidsoppgåver

  • Utarbeide forslag til årleg revisjonsplan som er i samsvar med føretaksgruppa sine mål.
  • Utarbeide revisjonsrapportar og følgje opp gjennomføring av tiltak med utgangspunkt i anbefalingar og slutningar frå Styret.
  • Uavhengig og objektivt gje uttalar og råd for å bidra til verdiskaping i føretaksgruppa. 
  • Vurdere og følgje opp at risikostyringa bidrar til å redusere uønskt hendingar

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning fortrinnsvis på masternivå.
  • Svært god skriftlig og munnleg framstillingsevne.
  • Strukturert og systematisk arbeidsform.
  • Evne til å raskt å få overblikk over komplekse verksemder og tema, og setje seg inn i nye oppgåver.
  • Erfaring frå eller kunnskap om revisjon, internrevisjon, verksemdstyring, IKT, compliance, risikostyring og internkontroll – gjerne frå helse eller andre store og komplekse organisasjonar, alternativt frå konsulentbransjen.
  • Evne til å prioritere det som er vesentleg og vere vant til å arbeide sjølvstendig i samspel med andre.
  • Det er ein fordel med god kjennskap til offentleg sektor og internrevisjon, R-117 og IIA-standardane og etiske krav.

Personlege eigenskapar

  • Kapasitet og evne til å gjennomføre revisjonsoppdrag.
  • Sjølvstendig, etterretteleg og ha høg personleg og faglig integritet.
  • Gode analytiske evner og heilskapsforståing.
  • Kunne arbeide målretta, teamorientert og legge til rette for god samhandling internt og eksternt.

Vi tilbyr

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver.
  • God pensjonsordning og moglegheit for lån i KLP.
  • Sosialt og godt arbeidsmiljø.
  • Løn etter avtale.
  • Fleksibel arbeidstid.

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Det regionale helseføretaket Helse Vest har det overordna ansvaret for sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at kring 1,1 million innbyggjarar i regionen får dei sjukehustenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa våre er vi ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Nærmare 29 000 medarbeidarar gir spesialiserte helsetenester innanfor fysisk helse, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Vi er 70 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 30 milliardar kroner. I dag har vi kontor på Forus, mellom Stavanger og Sandnes. Vi flytter til heilt nye og sentrale lokale i Stavanger sentrum i 2023. 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Annet,
Jurist

Nøkkelord

rådgivning, risikostyring, revisjon, planarbeid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn Munthe
Stillingstittel
Leiar internrevisjon
Telefon
90 65 98 69
Følg firma
92 følger dette firmaet

Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 232657259
Sist endret 21. sep. 2021 09:18

Rapporter annonse