Utløpt

Vegplanleggar - prosjektering

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Vegplanleggar- Prosjektering
Frist
16.10.2021
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling. 

Planlegging- og utbyggingsseksjonen (PU) har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Seksjonen dekkjer alle fagområde knytt til dette arbeidet; planlegging, prosjektering, grunnerverv, landmåling, geologi, geoteknikk og utbygging/byggherre. 

Vi søker no etter tre dyktige og engasjerte vegplanleggarar som kan styrke seksjonen vår. Kontorstad er Bergen eller Leikanger. Andre kontorstader i Vestland kan verte aktuelle.

Varierte arbeidsoppgåver innan

  • Prosjektering av vegar, gater og tunnelar i heile fylket.
  • Bidra i vår satsing på BIM og ha BIM-koordinator ansvar i prosjekt.
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag i form av beskrivelser og modell/teikningar for byggefase.
  • Innhente, kvalitetsikte, følgje opp og koordinere faglege delbidrag og ressursar som er nødvendige for prosessen.
  • Oppgåvene kan variere frå mindre kollektivtiltak, trafikksikkerheitstiltak, kompliserte byprosjekt til større strekningsvise vegprosjekt.

Vi kan tilby

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling.
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø.
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling.
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.

    Kvalifikasjonar

    • Relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule.
    • Ønskeleg med erfaring frå prosjektering og dimensjonering av veganlegg, blant anna veg- og gateutforming og handtering av overvatn.
    • God kjennskap til Statens vegvesens handbøker.
    • Kompetanse innan AutoCAD, Novapoint med fleire, interesse og erfaring frå modellbasert prosjektering.
    • Du må ha førarkort klasse B.

    Personlege eigenskapar

    • Det er viktig for oss at du evner å utføre dine arbeidsoppgåver på ein sjølvstendig og systematisk måte, og bidrar inn i teamet og arbeidsmiljøet med kompetanse og kollegastøtte.
    • Vi ønskjer oss ein kollega som har stå-på-vilje, er positiv og resultatorientert.
    •  Sidan stillinga inneber mykje kontakt med kollegaer er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner, er løysningsorientert og kan bygge tillit.
    • Vi er ute etter ein medarbeidar som er fleksibel, sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, er løysingsorientert og som har god gjennomføringsevne.

    Andre opplysningar

    • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
    • Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
    • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
    Sektor
    Offentlig
    Antall stillinger
    3
    Sted
    Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli
    Flere arbeidssteder
    • 6863 Leikanger
    Bransje
    Offentlig administrasjon
    Stillingsfunksjon
    Ingeniør,
    Planlegger,
    Annet

    Nøkkelord

    vegplanleggar,, prosjektering

    Spørsmål om stillingen

    Kontaktperson
    Annicke Bergh Monsen
    Stillingstittel
    Leiar
    Telefon
    92 23 73 72
    Følg firma
    1076 følger dette firmaet

    Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 232541062
    Sist endret 20. sep. 2021 09:07

    Rapporter annonse