Kunderådgjevar privatmarknad Måløy
- Arbeidsgiver
- Sparebanken Sogn og Fjordane
- Stillingstittel
- Kunderådgjevar privatmarknad Måløy
- Frist
- 26.09.2021
- Ansettelsesform
- Fast
Vi ønskjer å utvikle posisjonen vår i Måløy og søkjer dyktig kunderådgjevar.
Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.
Banken har ledig stilling som kunderådgjevar privatmarknad med kontorstad Måløy
Vi ønskjer å utvikle posisjonen vår i Måløy og søkjer ein dyktig kunderådgjevar som kjenner og har relasjonar i marknaden. Vi er interessert i deg som ønskjer å vere med på å gje gode kundeopplevingar og å bidra til vår gode vekst i Måløy.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte:
. Finansiell rådgjeving og kundeservice
. Oppfølging og aktivitetar mot privatkundar
. Jobbe målretta med å bygge eigen kundeportefølje
. Aktivt sal og marknadsføring av banken sine produkt og tenester
Til stillinga søkjer vi deg som:
. Har høgare utdanning og interesse for økonomi.
. Er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt
. Kan skape tillit, gode relasjonar
. Kan arbeide både sjølvstendig og i team
. Er Autorisert Finansiell Rådgjevar, eller ønskjer å bli det
. Har solid vurderingsevne og er trygg i relasjon med kunde
Vi tilbyr:
. Ei spennande og utfordrande stilling med god moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank
. Løn etter avtale
. Gode pensjons- og forsikringsordningar
. Eit veldig godt arbeidsmiljø med gode kollegaer som vil ta godt imot deg
. Nytt og moderne kontorlokale
Nærare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte regionbanksjef Ole Aukland, tlf 93232605.
- Sektor
- Privat
- Sted
- 6700 Måløy
- Bransje
- Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning
Nøkkelord
Kunderådgjevar, bank, finans
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Ole Aukland
- Stillingstittel
- Banksjef
- Telefon
- 93 23 26 05
6700 Måløy