Utløpt

Overingeniør/Senioringeniør innan IKT

Arbeidsgiver
Kystverket
Stillingstittel
Overingeniør/Senioringeniør innen IKT
Frist
31.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kystverket

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har ei brei samhandlingsflate innan samferdsel og mot andre samfunnsaktørar. Vi samarbeider internasjonalt både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Kystverket er frå 1.1.2021 funksjonsorganisert med fire verksemdsområder, der eit av desse er navigasjonsteknologi og maritime tenester. Hovudfunksjonen og ansvaret for dette verksemdsområdet er å forvalte, utvikle og drifte den "digitale" infrastrukturen, drive overvaking/styre sjøtrafikken og utøve losmynde. Ei av avdelingane innan verksemdsområdet er avdelinga for navigasjonsteknologi og losforvalting. Avdelinga har m.a. ansvar for utvikling og drift av sentrale system og sensorar, og for utvikling og implementering av digitale tenester i Kystverket. Blant desse er meldingstenesta SafeSeaNet, losfagsystemet Njord, skipsidentifikasjonssystemet AIS, radionavigasjonssystemet DGPS, og utvikling av VDES-systemer basert på den nye internasjonale standarden for toveis-kommunikasjon til sjøs.

I tillegg har avdelinga ansvar for teknisk drift og utvikling av operative system for Kystverket sine sjøtrafikksentraltenester. Avdelinga har og ansvar for godkjenning av farledsbevis og sertifisering av losar, samt opplæring og sertifisering av trafikkleiarar. Vidare er avdelinga ein viktig bidragsytar med juridisk, nautisk og teknisk kompetanse innan autonome løysingar.

 

Arbeidsoppgåver

  • Utvikling av løysingar for Kystverket, innan e-Navigasjon/Maritim ITS.
  • Bidra med IKT kompetanse innan drift og utvikling av Routeinfo, Kystdatahuset og andre maritime informasjonssystemer.
  • Øke nytten av av Kystverkets omfattende datagrunnlag og deling av våre maritime data.
  • Delta i tverrfaglige arbeidsgrupper internt og eksternt innan utvikling av digitale løysingar.
  • Oppfølging av teknologi mot autonome maritime løysingar og delta i prosjekter innan autonomi.
  • Bruk av ei rekke verktøy og teknologiar innan database, geodata og systemutvikling som feks:  PostGIS, SQL-server, QGIS/ArcGIS, Python, Mapserver, PowerBI, NET, AzureDevOps og Azure.
  • Andre oppgåver kan tilleggast.

Noko reiseverksemd må påreknast.

Kvalifikasjonar

  • IKT-utdanning frå universitet eller høgskule,  minimum 3 år.
  • Det er ønskelig med erfaring innan område som til dømes utvikling og forvaltning av digitale system, geografisk data, databasar, systemutvikling og web- teknologi, men nyutdannede oppfordres også til å søke. 
  • Omfattande og relevant erfaring innanfor fagområdet kan kompensere for det formelle utdanningskravet.
  • Den som tilsettast må kunne sikkerheitsklarerast på nivå hemmeleg.
  • Gode skriftlege og munnlege eigenskaper på norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

  • Innovativ, sjølvgåande og strukturert.
  • Evne til å kunna sette seg inn i nye dataverktøy og teknologiar.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter,  samt evne til å kunne jobbe i tverrfaglege team.

Vi legg til grunn at du er framtidsretta, engasjert og påliteleg - som er Kystverket sine verdiar.

Vi tilbyr

  • Du vil inngå i ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø og tverrfagleg kompetanse som samarbeider med andre etatar, innovasjonsmiljøer og industri.
  • Du vil delta i nasjonale og internasjonale prosjekter som omhandler nye tjenester  for sikker, effektiv og berekraftig sjøtransport. 
  • Du påvirkar samfunnsutviklinga og får bidra til løysingane i framtida på fagfeltet ditt.
  • Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikla deg både fagleg og personleg. 
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Ferieheimsordning for nokre av fyra til Kystverket.
  • Stillinga er plassert i stillingskode  1087 overingeniør /1181 senioringeniør avhengig av kvalifikasjonar. Stillinga lønast for overingeniør frå kr 516 400 (ltr 58) til kr 643 000 (ltr 70), og for senioringeniør frå kr 575 600 (ltr 64) til kr 726 400 (ltr 76).

Arbeidsstad er for tida Haugesund.

Anna
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Kvalifiserte kandidatar uansett alder, kjønn, seksuell legning, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, arbeids- og livserfaring oppfordrast til å søkje. Kystverket arbeidar målretta med å realisere regjeringa sine inkluderingsmål. I dette ligg det bl.a at vi vil sørgje for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det. Informasjon om søkjer som oppgjer at de har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli brukt til registreringsformål.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar vil i så fall bli varsla om det. Søkjarar som oppgjer at de har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli brukt til registreringsføremål.

Om arbeidsgiveren

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.


 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Flathauggata 12, 5523 Haugesund
Bransje
IT,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Utvikler (generell)

Nøkkelord

IKT,, digitale, løsninger,, utvikling,, Maritime

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jon Leon Ervik
Stillingstittel
Avdelingssjef
Telefon
91 68 15 38
Følg firma
1215 følger dette firmaet

Flathauggata 12, 5523 Haugesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 232235068
Sist endret 15. okt. 2021 11:30

Rapporter annonse