Utløpt

Instruktør/rettleiar<br/>- oljevern/akutt forureining

Arbeidsgiver
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
Stillingstittel
Instruktør/rettleiar - oljevern/akutt forureining
Frist
04.10.2021
Ansettelsesform
Fast

DSB søker instruktør/rettleiar som skal undervise brann- og redningspersonell i oljevern og akutt forureining ved Noregs brannskole (NBSK). Arbeidet med å etablere den nye Brann- og redningsskolen er godt i gang, og mykje spanande skjer framover. Vi søker deg som vil vere med på utviklinga, som alltid er på jakt etter beste praksis, og som vil dele fagkunnskap med profesjonelle fagfolk. Du må gjerne vere nyutdanna. Velkomen på laget allereie no!

Du skal

  • undervise i handtering av akutt forureining og oljevern, med eit særleg fokus på å rettleie leiarar på taktisk og operasjonelt nivå
  • undervise i faget oljevernleiing på bachelorstudiet i internasjonal beredskap ved UiT Noregs arktiske universitet
  • vere ein brubyggar mellom fagmiljøa i den nasjonale beredskapen og interkommunale utval mot akutt forureining (IUA)
  • evaluere og vidareutvikle kurs innan oljevern og akutt forureining ved NBSK
  • undervise i andre fag og/eller vere instruktør/rettleiar i andre kurs på NBSK ved behov

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant bachelorgrad, f.eks. innanfor pedagogikk eller beredskap
  • svært god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk
  • god munnleg og skriftleg formidlingsevne på engelsk
  • god erfaring og kompetanse med digitale verktøy i presentasjonar
  • førarkort klasse B

Vi ønskjer at du har:

  • teknisk interesse og forståing
  • erfaring med rettleiing, instruksjon og/eller opplæring
  • erfaring frå arbeid med oljevern, beredskap, miljøvern, maritime fag med fleire
  • gjennomført skadestadleiarkurs, IMO-2 kurs eller tilsvarande
  • god erfaring og kompetanse med digitale verktøy i undervising

Personlege eigenskapar:

  • utprega samarbeidsorientert lagspelar
  • gode pedagogiske evner
  • gjennomføringsevne
  • sjølvstendig og løysingsorientert
  • relasjonsbyggar som inspirerer og motiverer

Vår nye medarbeidar får:

  • varierte og utfordrande oppgåver i eit tverrfagleg miljø
  • moglegheit til å bidra med eit samfunnsnyttig arbeid i den nasjonale beredskapen
  • spanande arbeidsplass med høg fagleg kompetanse og dyktige kollegaar
  • moglegheiter for å vidareutvikle og påverke eige ansvarsområde
  • moglegheit for deltaking på relevante interne og eksterne kompetansehevingstiltak
  • fleksitidsordning, tilpassa undervisinga ved NBSK
  • gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • årsløn frå kr 475 800 til 524 900 (lønstrinn 52-58), stillingskode 1434 (rådgivar). Frå løna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse

Om Norges brannskole, stillinga og eininga

 

Noregs brannskole (NBSK) er nasjonal utdanningsinstitusjon for kommunalt brann- og redningspersonell og er lokalisert på Fjelldal, 45 kilometer frå Harstad i Troms og Finnmark fylke. Skolen har også ansvar for utdanning av beredskapspersonell ved flyplassane i landet, personell knytte til akutt forureining og feiarfag. NBSK er underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Skolen har moderne kontorlokale, stort øvingsfelt, treningsfasilitetar og kantine. NBSK har i dag 43 tilsette, i tillegg til eit stort antal innleigde instruktørar/førelesarar frå ulike bransjar. Norges brannskole er ISO 9001:2015-sertifisert. Den nye Brann- og redningsskolen skal etablerast der NBSK ligg i dag. Skolen vil omfatte ein fagskole og eit kurssenter, og ta imot 160 studentar og rundt 2500 kursdeltakarar i året. Les meir på www.dsb.no/styrker-brannutdanningen.

I stillinga di vil du vere instruktør og rettleiar for kurs innanfor akutt forureining/oljevern ved Norges brannskole. Dette er kurs som gjennomførast over heile landet, og du vil få sjølvstendig ansvar for planlegging og gjennomføring av kurs. Du skal også undervise i faget oljevernleiing ved UiT Noregs arktiske universitet. Stillinga fører med seg reiseverksemd over fleire dagar, totalt ca. 50-60 døgn i året.

Den som blir tilsett må delta på NBSK sine interne kurs for å sikre nødvendig kompetanse.

Stillinga inngår i Eining for undervising med ansvar for planlegging, gjennomføring og undervising av alle kurs som gjennomførast i regi av Norges brannskole, både på Fjelldal og andre stadar i landet. Eininga har eit breitt samansett fagmiljø med høg yrkesstoltheit og teamkjensle. Eininga har 23 medarbeidarar fordelte på 3 team. Tett samarbeid internt i DSB og innanfor brann- og redningsområdet nasjonalt er viktig for å kunne levere kvalitetsmessig god undervising.

For meir informasjon om DSB og NBSK, sjå www.dsb.no og www.nbsk.no. 

 

Om å jobbe i  DSB

Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og vi er del av inkluderingsdugnaden. Vi håpar derfor at også kvalifiserte personar med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss.   

Om arbeidsgiveren

DSB (Direktoratet for
samfunnstryggleik og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i
samfunnet. Vi er pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og
bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering.
Hovudkontoret ligg i
Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 650
tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Les meir på www.dsb.no

Sektor
Offentlig
Sted
Norges brannskole, 9441 Fjelldal
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Annet,
Undervisning og pedagogikk,
Brannvern

Nøkkelord

beredskap, undervisning, oljevern, miljø, forebygging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Berit Stemshaug
Stillingstittel
fung. einingsleiar utdanning
Telefon
91 63 47 15
Kontaktperson
Ole Gunnar Håland
Stillingstittel
teamkoordinator
Telefon
93 22 68 42
Kontaktperson
Hugo Magne Kjelseth
Stillingstittel
rådgivar Kjelseth Consulting AS
Telefon
91 53 34 50
Følg firma
1595 følger dette firmaet

Norges brannskole, 9441 Fjelldal

Annonseinformasjon

FINN-kode 232216672
Sist endret 17. sep. 2021 13:15

Rapporter annonse