Utløpt

Vi søker ein engasjert og initiativrik rådgivar til 3-årig prosjektstilling

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Prosjektleiar - strategi for ladepunkt og energistasjonar
Frist
11.10.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi søker etter

ein engasjert og initiativrik rådgivar til 3-årig prosjektstilling som prosjektleiar for utvikling av strategi for etablering av ladepunkt og energistasjonar. Har du kunnskap om energi- og transportsektoren, gode samarbeidsevner og liker å leie prosessar? Då kan du vere rette personen for oss!


Du får jobbe med

  • å vere pådrivar og utviklar av ein framtidsretta strategi for etablering av ladepunkt og energistasjonar i heile fylket
  • samarbeid og nettverksbygging med kommunar, kraftforsyning, næringsliv og relevante fagmiljø
  • å leie og gjennomføre arbeidet med å utarbeide strategien
  • delta i nasjonale fora for å hente ny kunnskap

Andre oppgåver kan komme i tillegg.


Vi søker deg som har

  • relevant høgare utdanning, gjerne innafor logistikk-, energi- eller transportområdet
  • relevant erfaring, gjerne frå transport- eller energiområdet
  • relevant erfaring frå prosjekt- og prosessleiing
  • god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne


Vi vil også legge vekt på at du

  • har evne til å samarbeide, dele og inkludere, og til å tenke heilskapleg på tvers av fagområde
  • kan arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
  • har evne til relasjonsbygging og er dyktig til å bygge og leie nettverk
  • er initiativrik, engasjert og løysingsorientert
  • har pågangsmot og evne til å drive prosessar framover
  • har evne til strategisk tenking og planlegging


Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale


Om arbeidsplassen

Kompetanse- og næringsavdelinga har ansvaret for vidaregåande opplæring og Fagskolen i Møre og Romsdal, og arbeider for berekraftig vekst og nyskaping i næringsliv og kommunar. Det er om lag 75 tilsette på avdelinga. Stillinga er lagt til seksjon for Energi og grøn omstilling med kontorstad i Kristiansund.

Du kan lese meir om kompetanse- og næringsområdet på nettsidene til Møre og Romsdal fylkeskommune, mrfylke.no


Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Fosnagata 13, 6509 Kristiansund N
Bransje
Bil, kjøretøy og verksted,
Kraft og energi,
Transport og logistikk
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Prosjektledelse,
Rådgivning

Nøkkelord

prosjektledelse, ladepunkt, energistasjon, kraftforsyning, strategi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bengt Endreseth
Stillingstittel
seksjonsleiar
Mobil
95 87 88 83
Kontaktperson
Lina Vassdal
Stillingstittel
Rådgiver Energi
Mobil
93 45 72 21
Følg firma
311 følger dette firmaet

Fosnagata 13, 6509 Kristiansund N

Annonseinformasjon

FINN-kode 232199366
Sist endret 29. okt. 2021 11:12

Rapporter annonse