Utløpt

ViteMeir søkjer teknologisk potet

Arbeidsgiver
ViteMeir - Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS
Stillingstittel
Formidlar
Frist
07.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ViteMeir - Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS

Me søkjer ny formidlar! Har du erfaring med programmering og formidling? Vil du ha ein arbeidskvardag der du får bidra til at born og unge får auka interesse for koding? Og er du i tillegg som poteten og kan brukast til det meste? Då kan det godt vere det er deg me ser etter.

Me ønskjer oss ein kreativ person med gode formidlingsevner som vil vere med å utvikle eit fagleg innhald og gode besøksopplevingar for gjestane våre.

 

Arbeidsoppgåver:

Som formidlar vil du vere med å ta imot ulike grupper, alt frå barnehagar til vidaregåande skular og fritidsgjestar. I tillegg vil du vere med å:

  • Utvikle og gjennomføre praktiske læringsopplegg og digitale læringstilbod
  • Besøke skular gjennom "ViteMeir på hjul"
  • Koordinere prosjekt
  • Halde lærarkurs og intern opplæring
  • Delta i anna formidlingsaktivitet på ViteMeir som arrangement og aktivitetar
  • Drifte og utvikle utstillingane


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Har digital kompetanse, og gode kunnskapar om programmering
  • Kunnskap om ulike pedagogiske programmeringsverktøy som til dømes micro:bit og Scratch
  • Erfaring med formidling innan koding og programmering
  • Pedagogisk kompetanse
  • Praktisk anlagt
  • Ein lagspelar som arbeider godt saman med andre kollegaer ved ViteMeir
  • Sjølvgåande, lettlært og uredd
  • Meistrar godt både norsk og engelsk
  • Førarkort klasse B, det må påreknast ein del reiseverksemd

 

ViteMeir tilbyr:

  • Ein unik sjanse til å vere med å forme og utvikle innhaldet i vitensenteret
  • Allsidig og triveleg arbeidsplass i stadig utvikling
  • Kreativt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale


Søknadsfrist: Snarast, og seinast 7. oktober 2021. Søknadane vert handsama fortløpande.

Send søknad med CV til: jobb(a)vitemeir.no

Om arbeidsgiveren

ViteMeir skal gje eit inspirerande og lærerikt tilbod til barnehagar og skular innan realfag, vere eit teknologisk opplevingssenter for fritidsgjestar, og vere ein unik møte- og arrangementsarena.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Skarpteigvegen 2, 6854 Kaupanger
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Forskning, utdanning og vitenskap,
IT
Stillingsfunksjon
Geologi/Fysikk/Kjemi,
IT utvikling / Utvikler (generell),
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

Programmering, Teknologi, Formidling, Vitenskap, Realfag

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Åse Neraas
Stillingstittel
Formidlingsleiar
Mobil
91 76 49 03
Følg firma
32 følger dette firmaet

Skarpteigvegen 2, 6854 Kaupanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 232157304
Sist endret 28. okt. 2021 21:44

Rapporter annonse