Utløpt

Leiar du stødig i ukjent farvatn?

Arbeidsgiver
Sula kommune
Stillingstittel
Einingsleiar Kommunalteknikk
Frist
10.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Manpower

Søker du kortreiste naturopplevingar som fjord og fjell i tillegg til bynærleik, er Sula kommune ein super stad å bu og arbeide i.
Sula kommune har med sine aktive innbyggarar eit rikt kultur- og organisasjonsliv med stort utval av fritidsaktivitetar i alt frå padelbane til hestesport, fotball og korsong. Og sjølvsagt, i Sula har du nærleik til alt av naturopplevingar - anten du likar paragliding og høg puls eller rolege fotturar i biletskjønn natur.

Kommunen har opplevd stor folkevekst i seinare tid og veksten har ført til auke av butikk-, kafè- og næringsverksemder og eit kommunesenter i utvikling.

Sula kommune legg vekt på å vere ein engasjert medspelar for god samfunnsutvikling og gode tenester til innbyggarane. Kommunen ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsgjevar som rekrutterer, vidareutviklar og held på dyktige og engasjerte medarbeidarar.

 

Teknisk sektor i Sula kommune har ledig stilling som Einingsleiar Kommunalteknikk.

Eininga har ansvar for dei kommunaltekniske tenestene i kommunen, herunder veg, vatn, avlaup, renovasjon, slam, feiing og forureining. Eininga har eit godt fagmiljø med totalt ti tilsette, herav fem avdelingsingeniørar og fem i utestyrken (driftspersonell).

 

EININGSLEIAR KOMMUNALTEKNIKK

Einingsleiar Kommunalteknikk har ansvar for dagleg drift og gjennomføring av investeringar i kommunaltekniske anlegg, budsjettansvar, samt personalansvar for driftspersonell og administrativt tilsette. Einingsleiar vil òg legge fram og orientere på politisk nivå i kontrollutval/formannskap/kommunestyre.


Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Fagleg leiing og ansvar for kommunaltekniske tenester (veg, vatn, avlaup, renovasjon, slam, feiing og forureining)
  • Personalleiing og utvikling av driftseining for Kommunalteknikk
  • Fagleg rådgiving
  • Økonomistyring og prosjektleiing
  • Sakshandsaming – administrativt og politiske saker

 

Kven er det vi søkjer?

  • Vi ser etter deg som har relevant fagleg utdanning på høgskulenivå med vekt på fagområda VVA
  • Du har eller ønskjer vidareutdanning i leiing, erfaring vil kompensere for manglande utdanning
  • Du har erfaring med økonomistyring og gjerne prosjektleiing
  • Du har stor arbeidskapasitet, er fleksibel og trivast med stor spennvidde i arbeidsoppgåver
  • Du er fagleg sterk og har evne til å skape tillit – hos medarbeidarar og i møte med innbyggjarar
  • Du er løysingsorientert og har evne til nytenking
  • Du ønskjer å leie dine medarbeidarar på ein trygg, tydeleg og motiverande måte

 

Sula kommune kan tilby konkurransedyktige vilkår og eit godt fagleg miljø i ei eining som arbeider med moderne verktøy som gjer det mogeleg for avdelingsingeniørane å utføre prosjekteringa sjølve. Stillinga innebêr varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter til fagleg og personleg utvikling.

 

Ta kontakt om du er nysgjerrig etter å vite meir om stillinga eller kommunen. Sula Kommune ønsker deg velkomen til å søkje og ser fram til å høyre frå deg.

Sula Kommune nyttar rekrutteringsbyrået Manpower til å hjelpe seg med rekrutteringa, og deira konsulentar vil kunne svare på spørsmål du måtte ha.

 

*Grunngjeving for reservasjon frå oppføring i offentleg søkarliste må kome fram i søknad. Oppføring kan likevel skje, og søkar vert då informert.

Sektor
Offentlig
Sted
6030 Langevåg
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør

Nøkkelord

Teknisk sektor, Kommunalteknikk, Veg, vatn, avløp og forureining, Drift

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Camilla Botnen
Telefon
99 53 90 56
Kontaktperson
Terje Natvik
Telefon
90 75 78 14
Følg firma
11476 følger dette firmaet

6030 Langevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 232132831
Sist endret 11. okt. 2021 04:27

Rapporter annonse