Utløpt

Programvareutvikler - Kontrol og styresystemer for skip

Arbeidsgiver
SMART Automation AS
Stillingstittel
Utviklingsingeniør
Frist
29.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med SMART AUTOMATION AS

Me skaper nye, berekraftige løysingar for våre kundar gjennom leveransar av hybride og heilelektriske kraftsystem. Med våre produkt gjennomfører me vår del av bidraget til det grøne skiftet. Vil du vera ein av utviklarane våre og skapa produkt som drar verda i ein grønare retning?

 SMART Automation har ei fleirdobling av ordrereserven frå 2020, med interessante og spennande prosjekt til forskjellige typar skip. Me søker i den samanheng etter utviklingsingeniør. Me søkjer deg som likar programmering og automatisering, og som ynskjer å skapa noko med kunnskapen din. Du kan gjerne ha den formelle kompetansen og erfaringa, men mest av alt søkjer me deg som er motivert og brenn for faget ditt. Du vil få ei viktig rolle i utviklingsteamet vårt. Våre systemleveransar spenner frå hybride til heilelektriske framdrifts-løysingar, som også inneheld Power Management System (PMS) og Integrated Automation System (IAS) og Propulsion Control System(PCS). Me har utvikla vår eigen distribuert IO (STI) og har også vårt eige prosjekteringsverktøy (SmartPRO).

 

Arbeidsoppgåver

  • Vidareutvikle våre produkt
  • Realtidsprogrammering (til dømes C++ under QNX operativsystem)
  • Interface av eigen og ekstern distribuert IO
  • Interface av eksterne sensorar og utstyr via serie og nettverksprotokollar
  • GUI løysningar
  • Nettverks sikkerheit
  • Skyløysingar
  • Konfigurasjon og uttesting av eksisterande og nye system
  • Legge til rette for en smidig gjennomføring av våre prosjektleveransar
  • Støtte til prosjektavdeling og serviceteam ved oppstart av nye produkt

 

Ønska kvalifikasjonar

  • Sivilingeniør, ingeniør- eller fagskuleutdanning innan relevante fagfelt, t.d. automasjon, data, el-kraft og fornybar energi
  • Alternativt erfaring som utviklar for leveransar av automasjons- og/eller elektrosystem til skip

 

Me kan tilby deg

  • Interessante og utfordrande oppgåver
  • Å få vera med å jobba med berekraftige løysingar for framtida
  • Godt arbeidsmiljø i ein oversiktleg organisasjon der alle spelar ei viktig rolle.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale

 

Er du interessert?

For spørsmål om stillingane, ta kontakt med

John Kåre Torkelsen | Dagleg leiar

M: +47 909 85 260

Søkarar blir vurdert fortløpande.

Om arbeidsgiveren

SMART Automation utviklar og leverer automasjons- og framdrifts-løysingar for alle typar skip, alt frå konvensjonelle til hybride og heilelektriske. Me nærmar oss 30 dyktige medarbeidarar og veks stadig. Erfarne ingeniørar, i tett samarbeider med unge tilsette, utgjer eit sterkt team bak våre leveransar. Programvara i våre automasjonsløysingar er utvikla av vår eiga FoU-avdeling.

SMART Automation leverer avanserte automasjonsløysingar for styring og overvaking av heile fartøyet. Her fokuserer me på å finna den rette løysinga for kvar enkelt kunde, anten det er nybygg eller ombygging av eldre fartøy.

Utslepp frå skipsfarten skal reduserast, noko som krev nye løysingar. Her spelar me på lag med reiarane for å finna den rette konfigurasjonen for deira fartøy.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Hollundsdalen 5, 5430 Bremnes
Bransje
Elektronikk,
IT - programvare,
Maritim og offshore
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Kybernetikk,
IT utvikling / Systemarkitekt,
IT utvikling / Full stack utvikler

Nøkkelord

Automasjon, Grønn teknologi, Cloud, Programmering, Software

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
John Kåre Torkelsen
Stillingstittel
Daglig leder
Mobil
90 98 52 60
Følg firma
29 følger dette firmaet

Hollundsdalen 5, 5430 Bremnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 232126031
Sist endret 28. okt. 2021 17:36

Rapporter annonse