Utløpt

Overlege - spesialist i psykiatri   Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO)

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Overlege
Frist
03.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Vil du vere med på laget?  Spennande stilling i tverrfagleg miljø.

 
Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO) søkjer overlege - spesialist i psykiatri. 

HAVO er ei avdeling med til saman 26 tilsette. Avdelinga er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabiliteriing. AFMR er ein langt større avdeling med fleire tilsette og med både sengepostar og poliklinikk. Det er planlagd innflytting i felles bygg på Nordås i 2024.

Habilitering for vaksne er retta mot personar over 18 år med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Fagfeltet er spennande og variert og grensar opp mot ulike spesialitetar. Pasientgruppa i HAVO  har ofte samansette kognitive og medisinske utfordringar, grunnlidingar er i hovudsak  utviklingshemming og/eller autismespekterforstyrring.  Psykiske helseutfordringar er ein av dei vanlege tilleggsvanskane.   Andre tilleggsvanskar er  epilepsi, syndrom, utfordrande åtferd, Tourettes syndrom og motoriske vanskar. Det er i tillegg ein auka førekomst av tidleg demens i målgruppa. 

Stillinga som psykiater i HAVO inngår i vårt tverrfaglege samarbeid. Utgreiing og behandling skjer i samarbeid med psykologspesialist eller andre fagpersonar i teamet som består av vernepleierar, ergoterapeutar, miljøterapeutar og fysioterapeut.  Arbeidsforma i dag vekslar mellom poliklinikk og ambulante tenester. Samarbeid med Psykiatrisk klinikk og med ulike DPS kan vere aktuelt i pasientarbeidet . Ein viktig del av arbeidet er også rådgjeving og rettleiing til pasientar, pårørande og kommunehelsetenesta, samt til øvrige delar av spesialisthelsetenesta. 

HAVO har i dag ein overlege som er spesialist i nevrologi og ein overlege i 80% stilling som er spesialist i psykiatri. Spesialist i psykiatri går av med pensjon ved nyåret. 

 Vi søkjer etter ein psykiater som har interesse for våre målgrupper og som ønskjer å vera med på å vidareutvikle tilbodet i HAVO. 

Tilsetjingsdato er 01.01.2022 eller etter nærare avtale.

Avdelinga er i dag lokalisert i Olav Bjordals veg 29, 5111 Breistein. 

  Sjå elles våre internettsider

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling
  • Råd og rettleiing
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Bidra i fagutvikling
  • Kurs og undervising kan vere aktuelt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Spesialistgodkjenning i psykiatri
  • Interesse for fagfeltet
  • Søkjar må kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
  • Evne til tverrfagleg samarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Spennande utfordringar og oppgåver 
  • Arbeid i eit høgt kvalifisert fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidare
  • Fagleg utvikling
  • Lønn etter gjeldande avtale

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Olav Bjordalsvei 29, 5111 Breistein
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Overlege

Nøkkelord

Overlege, -, spesialist, i, psykiatri

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Randi Myklebust
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 53 50 00
Kontaktperson
Kjersti Agnete Erdal
Stillingstittel
Klinikkleiar
Telefon
55 91 84 05
91 72 15 34
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Olav Bjordalsvei 29, 5111 Breistein

Annonseinformasjon

FINN-kode 232111759
Sist endret 17. sep. 2021 08:28

Rapporter annonse