Faste stillingar innan psykisk helsearbeid

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
Stillingstittel
Sjukepleiar/ Vernepleiar
Frist
30.09.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Psykisk helseteam med arbeidsstad i Eikelandsosen har ledig 2 faste stillinger for sjukepleiar/vernepleiar:

  • 100 % sjukepleiar/vernepleiar, vidareutdanning i psykisk helse- og/eller rusarbeid er ønskjeleg (2. gongs utlysing, ledig omgåande)
  •  60 % sjukepleiar/vernepleiar (ledig frå medio desember 2021)

Det er ønskjeleg med arbeidserfaring frå kommunalt psykisk helsearbeid i begge stillingane.

Arbeidsstad
Stillingane er tilknytt avd. psykisk helse, som er delt inn i 3 team: Psykisk helseteam, ROP team (rus og psykisk helse) og fast personell til treffstaden Kontakto for brukarar på Os- sida. Drift av dagtilbodet Fjordtreff for brukarar på Fusa sida er fordelt på den faste personalgruppa i Eikelandsosen. Personalet på begge sider av fjorden samarbeider om den daglege drifta og bistår kvarandre på tvers av teama når det er nødvendig og hensiktsmessig.

Arbeidsoppgåver
Du vil arbeida i tverrfagleg team og yte tenester etter vedtak i helse- og omsorgstenestelova. Du vil få ansvar for både individuell - og gruppebasert oppfølging, samt deltaking i drift av dagtilboda. Avdelinga har ansvar for oppfølging av vaksne pasientar med psykiske helse- og rusutfordringar.

Stillingane har arbeid på dagtid.

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg høgskuleutdanning som sjukepleiar eller vernepleiar 
  • Vidareutdanning i psykisk helse- og / eller rusarbeid er ønskjeleg for 100% stillinga
  • Erfaring frå psykisk helsearbeid innan kommunehelsetenesta
  • Likar utfordringar, tar initiativ til å arbeida for forbetringar og gode løysingar
  • Evne til å arbeida målretta og ha god struktur
  • Evne til å byggja gode relasjonar både overfor brukarar og kollegaer
  • Det vert lagt særskild vekt på personlege eigenskapar
  • Menn vert oppmoda om å søkja
  • Må ha førarkort klasse B og det er ønskjeleg at du sporadisk kan disponere bil

Som medarbeidar må du lika å arbeida sjølvstendig, men samstundes vera fleksibel, god på samarbeid i tverrfagleg team og villig til å påta deg ansvar. Vi har ei kommunal helseteneste med stor bredde i type oppgåver og det er til tider ein hektisk kvardag. Hjå oss har vi ein kultur der alle bidreg ved behov. Du som søkjer stillinga må difor trivast med mange og varierte arbeidsoppgåver i ein travel kvardag. Bjørnafjorden kommune dekkjer eit stort geografisk område som omfattar oppfølging av pasientar i tidlegare Os og Fusa kommune.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no. 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa. Bjørnafjorden har i underkant av 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står framom store endringar og er avhengig av medverknad frå alle tilsette.
Vi oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag.
Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. For å nå dette målet, samstundes som vi omstiller oss, treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
5200 Os
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Psykiatri,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

sykepleier, vernepleier, psykisk+helsearbeid, rus

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eva-Mari Solberg
Telefon
982 34 495
Kontaktperson
Olaug Sælen Steen
Telefon
980 67 514
Følg firma
348 følger dette firmaet

5200 Os

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 232023562
Sist endret 16. sep. 2021 09:23

Rapporter annonse