Utløpt

Vi søkjer dyktige gynekologar til Kristiansund sjukehus!

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Gynekolog
Frist
31.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Vil DU bli vår kollega?

Vi søker dyktige gynekologar til Kristiansund sjukehus som kan vere med i teamet som årleg skal ta imot over 700 born i Nordmøre og Romsdal.

Avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdomar i Nordmøre og Romsdal har aktivitet både i Molde og i Kristiansund. Vi har eit ungt og dynamisk arbeidsmiljø som arbeider godt saman. Vi held på med ei stor satsing som inneber rekruttering av fleire nyutdanna jordmødre og legar i spesialisering. Utover obstetrikk har vi òg eit godt poliklinisk og kirurgisk tilbod ved sjukehuset. Det kirurgiske tilbodet held eit høgt nivå, og vi gjer det meste av generell gynekologisk kirurgi - laparoskopisk, abdominalt og vaginalt. 

I 2025 flyttar vi inn i eit nytt og topp moderne akuttsjukehus på Hjelset. I fødeseksjonen er det planlagt tre fødestuer med moglegheit for utviding av fødekapasiteten.  Arbeidsoppgåvene vil vere knytt til obstetrikk, poliklinikk og kirurgisk aktivitet. Du blir ein del av fleire dedikerte tilsette, eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg standard kor det jobbast godt i team.  Les meir om sjukehuset her.

Du vil bli ein del av eit større fagmiljø i Helse Møre og Romsdal. Vi samarbeider nært med kollegane våre i Ålesund og Volda, i tillegg til St. Olavs hospital i Trondheim som har regional funksjon. Her vil det vere gode moglegheiter for jobbutveksling, hospitering og anna samarbeid som til dømes forsking. Det er med andre ord gode moglegheiter til å utvikle seg fagleg. Vi kan òg vurdere søknadar frå kandidatar som er nær å fullføre spesialiseringa si.

Visste du dette om Kristiansund?

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon som lege
  • Må vere godkjent spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar
  • Må meistre norsk/ skandinavisk språk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, og samstundes fungere godt i team 
  • Du må vere motivert for fagleg utvikling

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Gode vaktordningar
  • Eit godt fagleg miljø med internundervisning, faste møter og eit variert arbeidsfelt innan faget
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass 
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Flyttestønad etter gjeldande reglement

Søknadene blir vurdert fortløpande, og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.

Om arbeidsgiveren






Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester
til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein
skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal
få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og
utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR.
Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har
vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og
rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av
openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du
får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på
laget!


For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Kristiansund sjukehus, 6508 Kristiansund N
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Lege,
Lege / Spesiallege

Nøkkelord

gynekolog,, kvinnesykdommer,, fødselshjelp,, lege,, Kristiansund

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Øyvind Nytun
Stillingstittel
Avdelingssjef
Telefon
92 80 73 72
Følg firma
208 følger dette firmaet

Kristiansund sjukehus, 6508 Kristiansund N

Annonseinformasjon

FINN-kode 232015173
Sist endret 15. sep. 2021 14:12

Rapporter annonse