Overlege - spesialist i urologi

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Overlege - spesialist i urologi
Frist
17.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Vil DU bli vår kollega?

Vi har no ledig fast stilling som overlege - spesialist i urologi. Tilsetjing etter nærare avtale. 

Avdeling for kirurgi ved Kristiansund sjukehus består av ortopedi, urologi, poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sterilsentral, anestesi, logistikk og kontor. Avdelinga har òg eigen forskingseining. Ved avdelinga arbeider 10 overlegar/spesialistar og 6 legar i spesialisering. Urologisk seksjon har 3,5 overlegestillingar i 5 døgns-drift på sengepost, med 3-delt vakt på vekedager. Vi har òg ein veldriven urologisk poliklinikk, med moderne utstyr og utfører avansert steinbehandling i tillegg til alle generelle urologiske inngrep. Seksjonen har og 1,5 uroterapeutstillingar og moderne utstyr for urodynamiske undersøkingar.

Visste du dette om Kristiansund?

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Arbeidsoppgåver

  • Generell urologi
  • Visitt
  • Poliklinikk
  • Operasjoner
  • Vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i urologi
  • Alternativt kirurg som forventa å få spesialistgodkjenning i urologi i løpet av det nærmaste året
  • Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar  

Personlege eigenskapar

  • Du er motivert og engasjert
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du jobbar strukturert og sjølvstendig både individuelt og i team

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar, vitnemål og spesialistgodkjenningar vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester
til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein
skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal
få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og
utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR.
Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har
vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og
rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av
openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du
får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på
laget!


For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Kirurgi,
Lege / Overlege

Nøkkelord

overlege, spesialist, urologi, kirurgi, urolog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kirsti Sevaldsen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Følg firma
75 følger dette firmaet

Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 232006663
Sist endret 15. sep. 2021 12:57

Rapporter annonse