Utløpt

Lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi
Frist
30.09.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Vil DU bli vår kollega?

Vi har ledig vikariat på 6 månader for lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi. Det er mogelegheit for vidareføring utover 6 månader. Vi ønskjer oss ein kollega med erfaring innan kirurgi/ ortopedi, gjerne med forskningsambisjonar. Vikariatet inngår i utdanningsplan for LIS3 i ortopedisk kirurgi.

Avdeling for kirurgi Kristiansund sjukehus består av ortopedi, urologi, poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sterilsentral, anestesi, logistikk og kontor. Avdelinga har òg eigen forskningseining. Ved avdelinga arbeider 10 overlegar/ spesialistar og 6 legar i spesialisering. Den som vert tilsett, vil inngå i vaktordning for legar i spesialisering.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering. 

Visste du dette Kristiansund?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Arbeidsoppgåver

  • Varierte arbeidsoppgåver som lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi
  • Vakt
  • Operasjon
  • Poliklinikk
  • Visitt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført og godkjent LIS-1/turnus om man ikkje blir omfatta av unntaksbestemmelsene
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og andre tilsette
  • Du har god evne til refleksjon over eigen praksis som lege
  • Du har god evne til å gje og motta tilbakemeldingar
  • Du har interesse for forskning
  • Du evner å ta ansvar for eigen spesialistutdanning (jfr. forskrift om spesialistutdanning)

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Ei spesialistutdanning som er godt forankra i føretaket der læringsmål blir tatt vare på etter ein systematisk plan

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester
til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein
skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal
få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og
utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR.
Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har
vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og
rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av
openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du
får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på
laget!


For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Kristiansund sjukehus, 6508 Kristiansund N
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / LIS,
Helsepersonell

Nøkkelord

kirurgi, ortopedi, LIS, Kristiansund

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kirsti Sevaldsen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Følg firma
208 følger dette firmaet

Kristiansund sjukehus, 6508 Kristiansund N

Annonseinformasjon

FINN-kode 232005813
Sist endret 15. sep. 2021 12:50

Rapporter annonse