Vil du bli journalist – her får du opplæring med lønn

Arbeidsgiver
Stiftinga Nynorsk avissenter
Stillingstittel
Nynorskpraktikant
Frist
15.10.2021
Ansettelsesform
Trainee

Nynorsk avissenter søkjer etter deg som vil bli journalist og skrive på nynorsk.

Vi tilbyr plass for fem praktikantar i kull 18. Opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, avis og sosiale medium. Praktikantkurset startar 3. januar 2022 med fire månader i Firda Media i Førde, deretter to månader journalistpraksis i sjølvvald avis i mai og juni 2022. Lønn i heile opplæringstida. Etter 16 kull har vi lært opp 68 nynorskpraktikantar sidan starten i 2013. Over halvparten av dei arbeider som journalist i dag. No ser vi etter nye talent.

Nynorsk avissenter samarbeider med NRK Nynorsk mediesenter i Førde, som driv tilsvarande opplæring for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Dei lyser ut det 36. praktikantkurset med same søknadsfrist, 15. oktober.

Vi tilbyr

  • Eit halvt år effektiv og intensiv opplæring i avisjournalistikk
  • Fire månader praksis i Firda Media og to månader i sjølvvald avisredaksjon
  • Variert trening i produksjon for nett, papir og sosiale medium
  • Førelesingar i språk, presseetikk, kjeldekritikk og journalistisk metode
  • Innføring i video, foto, strøyming, frontredigering, datastøtta journalistikk
  • Tett oppfølging frå erfarne journalistar og lærarar
  • Attest frå Nynorsk avissenter og praksisavis
  • Hjelp til å skaffe bustad i Førde

Du har

  • Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist
  • Samfunnsinteresse og -engasjement
  • Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo
  • Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre
  • Førarkort klasse B

Vi ønskjer søkjarar frå heile landet og tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning. Hugs attestar og vitnemål når du søkjer. Les meir på heimesida vår.

Om arbeidsgiveren

Stiftinga Nynorsk avissenter gir nynorskpraktikantar opplæring og praksis i journalistikk. Vi held til i Førde, med Firda som vertsavis, og tar inn fem praktikantar i halvåret. Vi samarbeider tett med NRK Nynorsk mediesenter og har fleire felles førelesingar. Føremålet vårt er å få fram nynorskbrukande journalistar med høg digital kompetanse. To av tre arbeider i dag i mediebransjen. Vi har hatt eksterne praksisplassar i aviser som Bergens Tidende, Dag og Tid, Firda, Framtida, Hallingdølen, Haugesunds Avis, Hordaland, Jærbladet, Klassekampen, Kvinnheringen, Nordhordland, Romsdals Budstikke, Sogn Avis, Stavanger Aftenblad, Sunnmørsposten, Vestnytt og Vårt Land. Opplæringa er finansiert av Kulturdepartementet og Firda Media/Amedia.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Firdavegen 12, 6800 Førde
Bransje
Medie- og innholdsproduksjon
Stillingsfunksjon
Journalist

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingunn Osland
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
911 49 821
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"

Søk her

Følg firma
2 følger dette firmaet

Firdavegen 12, 6800 Førde

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 231999993
Sist endret 15. sep. 2021 12:53

Rapporter annonse