Utløpt

Psykologspesialist/psykolog

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Psykolog Seksjon S4
Frist
09.10.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Psykiatrisk klinikk er ein av fem klinikkar i Divisjon Psykisk Helsevern. Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) inneheld fem døgnseksjonar og har også tilknytta poliklinikk.

Seksjon S4 avdeling for spesialisert psykosebehandling er ein lukka psykosepost med 12 senger lokalisert til Sandviken Sjukehus. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar. Vi jobbar i team saman med psykiater, psykolog, sosionom og miljøpersonell rundt kvar pasient. Vi jobbar tett saman med behandlingsapparatet ute for å sikre ein god og rask utskriving til eigen bustad eller anna behandlingstilbod.

ASP samarbeider med Bergen Psychosis Research Group, og forsking er ein viktig del av verksemda. Avdelinga har høg fagleg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø.
ASP inkludert S4 er godkjend for tvungen psykisk helsevern og godkjend sengepostpraksis for spesialiteten klinisk vaksenpsykologi.

ASP har for tida ledig 100 % vikariat i stilling som psykologspesialist/psykolog med snarleg oppstart. Stillinga er knytt til seksjon S4.  

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av enkeltpasientar
  • Rettleiing til personal i døgnseksjon og i tilrettelagte bustader i samband med utskriving
  • Tverrfagleg samarbeid med Habiliteringsavdelinga for vaksne

Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist/psykolog
  • Norsk autorisasjon
  • Erfaring med behandling av personar med psykoseliding

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Engasjement for faget og interesse for pasientgruppa
  • Fleksibilitet
  • Interesse for arbeid med komplekse problem

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Forskingsmiljø og fagleg fordjuping
  • Eit godt fagmiljø
  • Ei sterk psykologgruppe med faste møtepunkt for nettverksbygging og fagleg utvikling 

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Nøkkelord

Psykolog,, Kompleks, Rehabilitering, Sandviken

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rune A. kroken
Stillingstittel
Avdelingssjef Spesialisert psykosebehandling
Telefon
55 95 84 00
Kontaktperson
Margaret Mary Strand
Stillingstittel
Ass. avdelingssjef Spesialisert psykosebehandling
Telefon
55 95 87 78
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 231995663
Sist endret 15. sep. 2021 11:21

Rapporter annonse