Utløpt

Nevropsykologisk eining i Seksjon for spesialisert behandling Haugesund 

Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Stillingstittel
Nevropsykolog/psykologspesialist/psykolog
Frist
03.10.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Helse Fonna HF

Nevropsykologisk eining i Seksjon for spesialisert behandling Haugesund søkjer frå 15.02.22:


- 100 % stilling som nevropsykolog/psykologspesialist/psykolog.

Nevropsykologisk eining høyrer til Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna. Eininga er i ein særstilling då den er eit resultat av samarbeid på tvers av psykisk helse og somatikk i Helse Fonna-området, og utgreier heile aldersspekteret frå barn til eldre. Pasientane kjem primært frå Nevrologisk avdeling, psykisk helsevern og førstelinetenesta. Den nevropsykologiske eininga har seks psykologstillingar og eit velutstyrt nevropsykologisk testlaboratorium som disponerer 3,5 testtekniker-stillingar.
 
Seksjon Spesialisert Behandling Haugesund, kor eininga er lokalisert, har eit miljø som er sterkt med henblikk på utgreiing av kognitive funksjonar. Vi har i tillegg til den nevropsykologiske eininga ein eigen alderspsykiatrisk poliklinikk med ein psykologspesialist og poliklinikk i psykisk helsevern for utviklingshemma med to psykologspesialistar og ein under spesialisering. Seksjonen er knytta til forskningsmiljøet i helseregionen. Per dags dato har vi fem ansatte med PhD. 
 

Arbeidsoppgåver

  • Nevropsykologisk eining har ansvar for barn og vaksne frå både somatisk og psykisk helsevern som treng utgreiing og/eller oppfølging relatert til nevropsykologiske problemstillingar.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer fortrinnsvis psykologspesialist/nevropsykolog, men psykolog kan og søkje
  • Vi vektlegg at søkjar er personleg eigna og har relevant erfaring
  • Språk: Norsk (C1-nivå påkrevd for personer utan norsk som morsmål)

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Engasjert
  • Like varierte utfordringar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom NPF og Helse Fonna HF
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Spesialistutdanning blir tilbydd, om ein ikkje er spesialist
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)  
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

 

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgate 120, 5528 Haugesund

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Monica Haraldseid Breitve
Stillingstittel
Funksjonsleiar
Telefon
91 64 10 47
Kontaktperson
Heine Hagenberg
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
52 73 27 22
Følg firma
156 følger dette firmaet

Karmsundgate 120, 5528 Haugesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 231988906
Sist endret 15. sep. 2021 10:14

Rapporter annonse