Psykologspesialist/ Psykolog

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Psykologspesialist / Psykolog
Frist
08.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Har du lyst til å arbeide med spesialisert rusbehandling i eit godt og fagleg utviklande miljø? Avdeling for rusmedisin (AFR) Poliklinikk Murhjørnet held til i moderne lokale i Bergen Sentrum, og tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling for menneske med ruslidingar og avhengigheitsproblematikk, ofte i kombinasjon med psykiske lidingar (ROP tilstandar). Vi tilbyr behandling både individuelt og i gruppe. Vi gjev òg tilbod om musikkterapi, nettverks- og pårørandeoppfølging. Poliklinikken gjev tilbod til pasientar frå 15 år og oppover. Polilkinikken har fast samarbeid med "jobb først" (ips) konsulentar, som held til i poliklinikken.

Avdelinga er i ei spennande utvikling knytta til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar, fagleg integrasjon med Psykisk helsevern m.a ved geografisk deling av poliklinikktenestene. Dette vil bidra til utvikling av tettare samhandling med DPS-ar og kommunale tenester. Avdelinga har eigen forskingsseksjon med mange spennande prosjekt.

I stillinga som psykolog / psykologspesialist i poliklinikken vår vil du ta del i tverrfagleg team, beståande av psykologar, psykiatarar, rusmedisinarar, kliniske sosionomar, spesialsjukepleiar, vernepleiar, musikkterapeut og erfaringskonsulent. Til saman er det ca 45 årsverk knytta til poliklinikken.

Det er godt lagt til rette for samarbeid og drøftingar i dei enkelte pasientforløpa. Fleire av dei tilsette er i ulike vidareutdanningar, og for ikkje-spesialister vert det lagt til rette for relevant spesialisering. Det er regelmessig internundervising, faste fag- og forskingsdagar og avdelinga legg òg til rette for både individuell vidareutdanning og felles kompetanseheving. 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av rusmiddelavhengige, dette ofte i kombinasjon med psykisk helsetilstandar. Samhandling og rettleiing av samarbeidspartnarar internt og eksternt mot kommunale tenester
  • Poliklinikken er opptatt av å utvikle differensierte tenester, mellom anna har vi fleire tilbod om gruppetilbod (m.a grupper i traumestabiliserande og tilbakefalls-førebyggingar) og familie/-nettverksorienterte metodar. Det vert lagt til rette for fordjupning knytta til deltaking i poliklinikkens spesialiserte tilbod. Deltaking i internt utviklingsarbeid og rettleiing er forventa

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med arbeid innan rusbehandling og psykisk helsevern vil vere ein fordel, men ingen føresetnad. Nødvendig rettleiing vil bli gitt
  • Interesse for familie og nettverksarbeid er ønskjeleg
  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Østre Murallmenningen 7, 5012 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Nøkkelord

Psykolog,, psykologspesialist

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rune Løvold
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
934 12 824
Følg firma
1295 følger dette firmaet

Østre Murallmenningen 7, 5012 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 231988175
Sist endret 15. sep. 2021 10:07

Rapporter annonse