Utløpt

Psykolog  

Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Stillingstittel
Psykolog
Frist
Så snart som mogleg
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Helse Fonna HF

                                                            Konsultasjonspsykiatri-Psykiske helsetjenester for somatikken

 

Stillinga er knytt til behandlarteam som har ansvar for akuttpost og Team for konsultasjonspsykiatri ved Haugesund sjukehus. Teamet har samla sett følgande stillingar: 2 spesialistar i psykiatri, 2 psykologspesialistar, LIS 3, LIS 1 og 3 Spesialsjukepleier.


Behandlarteam/ konsultasjonsteam ved Haugesund sjukehus er i ein omorganisering. Seksjonen er i ein spennande prosess med både nybygg og integrering av felles psykiatrisk og somatisk akuttmottak. Konsultasjonsteamet har tilsynsvirksem i somatikken, skal ha ei rolle i akuttmottaket og utvikla psykiske helsetenester for somatiske pasientar. For tida etablerer vi psykologiske mestringskurs for pasientar med kroniske lidingar. Vi har òg, i samarbeid med resten av sjukehuset, fokus på å tidleg fanga opp helseskadeleg bruk av rus og psykiske lidingar.


Utover det interne samarbeidde inn mot somatiske avdelingar, samarbeidar vi tett mot DPS, rusinstitusjonar og kommunale tenestar. Stillinga gir god moglegheit for å bygga kompetanse innan psykosomatikk/helsepsykologi og det vil vera gode moglegheiter for å vera med å utforma tenestene.


Vi kan tilby eit spennande fagmiljø. Ved Helse Fonna skjer mykje spennande forsking og kvalitetsforbetring. Seksjonen har eit aktivt forskingsmiljø, med fleire fullførte PhD gjennom dei siste åra.

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre tilsyn på pasientar innlagt ved somatiske sengepostar.
  • Bidra til utvikling og drift av psykologiske mestringskurs ved kroniske lidelser.
  • Behandlingsoppgaver for somatiske pasienter med behov for psykologisk behandling.
  • Behandlingsoppgåver på akuttpost.
  • Undervisning.
  • Veiledning
  • Fagutvikling

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som psykolog.
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Personer uten norsk som morsmål må minimum ha bestått språktest C1-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du tilpassar deg lett, og er løysningsorientert og fleksibel

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå
  • Tilrettelegging for relevant spesialisering
  • Triveleg arbeidsmiljø

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Om arbeidsgiveren

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.



Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.




For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.



 

Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Heine Hagenberg
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
52 73 27 22
Følg firma
114 følger dette firmaet

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 231987825
Sist endret 15. sep. 2021 10:04

Rapporter annonse