Utløpt

Driftsoperatør, Settefisk

Arbeidsgiver
Bremnes Seashore
Stillingstittel
Driftsoperatør, Settefisk
Frist
03.10.2021
Ansettelsesform
Fast

Gjennom fokus på fiskevelferd og kontinuerleg satsing på innovasjon i alle ledd i produksjonsprosessen, har Bremnes Seashore gått i bresjen for å heve kvaliteten på oppdrettslaks verda over. Norges første merkevare for fersk fisk, SALMA, er blant produkta du finn i vår produktportefølgje. For å halde oss i tet treng me stadig påfyll av nytenkande og engasjerte medarbeidarar. Verdiane våre er utvikling - truverd - arbeidsglede

Me satsar stort i Vindafjord. I løpet av dei siste åra har me auka produksjonen ved settefiskanlegget vårt frå 150 tonn biomasse til 3 000 tonn biomasse ved hjelp av grøn, framtidsretta teknologi. For å sikre at fisken har optimale forhold må me ha kontroll og overvake drifta kvar einaste dag gjennom heile året.
Me søkjer no etter ein motivert og dyktig driftsoperatør.

Arbeidsoppgåver

  • fôring, stell og tilsyn med fisk
  • produksjon- og kvalitetsoppfølging
  • rapportering og journalføring
  • reinhald og ettersjåing av utstyr
  • Stillinga kan inngå i vaktordninga ved settefiskanlegget

Kvalifikasjonar

  • erfaring og fagbrev, ev. høgare utdanning innan akvakultur
  • gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • gode dataferdigheiter

Personlege eigenskapar

  • evne til å arbeide sjølvstending, samtidig som du er ein god lagspelar
  • engasjert, strukturert og løysingsorientert
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • ei spennande og utfordrande rolle i ein bransje som er i sterk utvikling
  • faglege utfordringar og høve til å utvikla deg personleg i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
  • konkurransedyktige vilkår
  • god pensjons- og forsikringsordning
  • firmahytter i Røldal, Voss og Spania

Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med Øyvind Haraldseid på tlf. 907 72 220

Om arbeidsgiveren

Gjennom fokus på fiskevelferd og kontinuerleg satsing på innovasjon og ny teknologi i alle ledd i produksjonsprosessen, har Bremnes Seashore gått i bresjen for å heva kvaliteten på norsk oppdrettslaks. Resultatet er lakseprodukt som er etterspurde over heile verda. Norges første merkevare for fersk fisk, SALMA, er blant produkta du finn i vår produktportefølje. Våre grunnverdiar er kunnskap, utvikling, truverd og trivsel. 

Sektor
Privat
Sted
Trovågvegen 28, 5568 Vikebygd
Bransje
Fiskeri og oppdrett
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Øyvind Haraldseid
Stillingstittel
Driftsleiar
Telefon
90 77 22 20
Følg firma
259 følger dette firmaet

Trovågvegen 28, 5568 Vikebygd

Annonseinformasjon

FINN-kode 231955009
Sist endret 14. sep. 2021 20:38

Rapporter annonse