Tussa IKT er i vekst og ønskjer å knytte til seg fleire dyktige og initiativrike medarbeidarar

Arbeidsgiver
Tussa
Stillingstittel
Konsulentar, seniorkonsulentar og rådgjevarar
Frist
30.09.2021
Ansettelsesform
Fast

Om stillingane

Tussa IKT opplever stor etterspurnad etter samhandligstenester basert på Microsoft 365 / Azure - løysingar. Selskapet har god kompetanse innan Microsoft og er Microsoft Gold Partner. Microsoft 365 og Azure er viktige satsingsområder og vi skal no styrke satsinga ytterlegare innanfor desse områda.

Tussa IKT er i vekst og ønskjer å knytte til seg fleire dyktige og initiativrike medarbeidarar som har relevant kompetanse og erfaring.

Oppmøtestad vil vere Ålesund, Ørsta eller Stryn.

Arbeidsoppgåver

  • Design, implementering og forvaltning av kundeløysingar basert på:
    • Microsoft 365 og Azure-tenester
    • Intune, SharePoint og Power BI
    • Citrix løysingar og ADC
  • Vidareutvikle den digitale arbeidsplassen for kundane våre.
  • Rådgiving, produktutvikling og prosjektleiing innan fagområda.

Kvalifikasjonskrav

  • God fagkompetanse og erfaring innan Office365 / Azure -løysingar
  • Gode kunderelasjonar og erfaring frå relevante kundeprosjekt
  • Relevant IT-utdanning
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagt

Vi kan tilby

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit selskap med høg aktivitet
  • Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Fleire opplysningar om stillingane får du på tlf. 70 04 62 00 hos Gruppeleiar Applikasjon Stian Hofseth, Avdelingsleiar Konsulent Øyvind Lislevatn eller Leiar forretningsområde IT Karl Johan Kvernland

Om arbeidsgiveren

Tussa
Tussa er eit leiande energi- og kommunikasjonskonsern med hovudkontor i Ørsta kommune på Sunnmøre.

Over 200 medarbeidarar jobbar i konsernet, med oppgåver innanfor kraftproduksjon, IKT og installasjon.

Tussa IKT
Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet og har om lag 80 tilsette og er eit av dei største IKT-miljøa på Nordvestlandet. Selskapet er lokalisert i Ørsta, Ålesund og Stryn. Selskapet er ISO 27001-sertifisert og er Microsoft Gold Partnar.

Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Langemyra 6, 6160 Hovdebygda
Bransje
Kraft og energi,
IT,
IT - programvare
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
IT drift og vedlikehold / IT-support

Annonseinformasjon

FINN-kode 231913808
Sist endret 14. sep. 2021 14:40

Rapporter annonse