Utløpt

Næringssjef 

Arbeidsgiver
Bykle kommune
Stillingstittel
Næringssjef
Frist
17.10.2021
Ansettelsesform
Fast

 

Bykle kommune treng deg som kan vere med på å skape eit framtidsretta, innovativt og berekraftig næringsliv!

Ønskjer du å vere ei drivkraft i utvikling av næringsverksemd i Bykle kommune?

Du skal vere ein idéskapar og inspirator for utviklingsarbeid i kommunen, både eksternt i næringslivet og internt i organisasjonen. 
Som næringssjef leier du kommunen si næringssatsing, og jobbar tett opp mot næringslivet i kommunen. Vi ønskjer oss ein kandidat som er visjonær og nytenkjande. Du har gjerne erfaring som prosjektleiar for store prosjekt og har stor gjennomføringskraft.  Vi søkjer ein person som har gode analytiske og strategiske evner. Det er naudsynt med god forståing for kommunen sitt ansvar, rolle og oppgåver og god kjennskap til offentleg forvalting / verkemiddelapparatet.  Utvikling av større etableringar og prosjekt med ekstern økonomiske midlar inngår i jobben. I tillegg til utdanning og praksis blir det lagt stor vekt på evne til samarbeid,, til å inspirere andre og til å arbeide sjølvstendig og resultatorientert med planlegging og gjennomføring. 

Næringssjefen inngår i staben til kommunedirektøren og rapporterer direkte til kommunedirektøren.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for næringsarbeidet i kommunen
  • Utforming av framtidig næringspolitikk og strukturering av næringsarbeidet 
  • Gi næringslivet i kommunen ein sterk og tydeleg posisjon i høve nye næringar, digitalisering og det grøne skiftet/berekraftsmåla.
  • Ansvar for forvalting av tilskotsordningar for næringslivet
  • Strategiske satsingar, pilotprosjekt og arbeid for innovasjon og entreprenørskap
  • Aktiv medverknad i kommunalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt  samarbeid og virkemiddelapparat
  • Ansvar for utarbeiding og oppfølging av politiske vedtak
  • Representere kommunen på ulike arenaer lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  • Samhandling med kommunale selskap og avdelingar i kommunen
  • Mellombels personalansvar næringsrådgjevar
  • Andre oppgåver kan bli lagt  til stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Relevant mastergrad eller tilsvarande innanfor samfunnsøkonomi, samfunnsvitskap e.l.
  • Relevant erfaring med leiing og nettverksbygging kan kompensere for formelle krav
  • Kjennskap til og forståing for grensesnittet mellom næringsliv, offentleg forvalting og politikk
  • Kunnskap om offentleg sektor og verkemiddelapparatet
  • Erfaring med forretningsutvikling og prosjektarbeid
  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide strategisk, analytisk og løysingsorientert med ei god heilskapstolking
  • Vere pådrivar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kunne jobbe sjølvstendig og strukturert
  • Interesse for digitalisering
  • Evne til å arbeide under press, med fleksibilitet i forhold til eigne arbeidsoppgåver

Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er personleg eigna.

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver innanfor eit spanande fagområde
  • Fleirfagleg arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement 

Den som blir tilsett må rekne med noko reise i teneste og må disponere eigen bil. Godtgjering i.h.t.staten sine satsar.

Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.

Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar!


 

Om arbeidsgiveren



Bykle kommune har om lag 970 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det
er 18 mil til Kristiansand, 18 mil til Stavanger (sommar) og 30 mil til Oslo og
Bergen. Kommunesenteret er Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter.
Barnehagen, skulen og SFO er godt utbygd. Vi har og vidaregåande skule.
Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter, med mellom anna godt
utbygde anlegg vintersportsenteret Hovden. 

Sektor
Offentlig
Sted
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Karina Sloth Grindland
Stillingstittel
Kommunedirektør
Telefon
48 00 80 06
Følg firma
48 følger dette firmaet

Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

Annonseinformasjon

FINN-kode 231883419
Sist endret 14. sep. 2021 09:51

Rapporter annonse