Utløpt

Helsesekretær/Medisinsk sekretær

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Helsesekretær/Medisinsk sekretær
Frist
28.09.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Avdeling for rusmedisin består av fem døgnseksjonar, ein forskingseksjon, ein LAR seksjon, ein ambulant seksjon og to poliklinikkar. Den ledige stillinga er i seksjon Askøy som held til i flotte, moderne lokale på Ask kun ein halv times køyretid frå Bergen sentrum. Det er òg godt båt- og bussamband til Askøy. 

Den tverrfaglege bemanninga i seksjon Askøy består av russpesialist/overlege, LIS legar, psykologar, sosionom, sjukepleiar/vernepleiar, fysioterapeut, aktivitetskoordinator og sekretær.

Seksjon Askøy har 12 senger for elektiv behandling av menn med rusproblem, der ein mellom anna jobbar med indivuell tilnærming og gruppeterapi. Her er det òg ein brukarstyrt seng. Seksjonen har òg ein Avrusingseining med 13 senger for pasientar som har eit ØH-behov for avrusing. Pasientane har ofte underliggjande psykiske, akuttpsykiatriske problemstillingar, kognitive og somatiske plager som ikkje har blitt diagnostisert tidlegare på grunn av rusbruk. Vi kartlegg og diagnostiserer desse plagene for å finne ut kor pasientane vil få best hjelp. Målet er å leggje til rette for eit best mogleg og individuelt tilpassa behandlingsforløp for kvar pasient.

Vi har nå ledig 100% fast stilling for helsesekretær/medisinsk sekretær, tiltreding vil skje etter nærare avtale. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål. 

Arbeidsoppgåver

  • Gi/yte god omsorg for pasientar og pårørande
  • Resepsjonsarbeid
  • Bruke avdelingas administrative system
  • Rekneskapsarbeid
  • Oppfølging av driftstekniske oppgåver
  • Bistå klinisk personell og leiargruppe i deira arbeid 
  • Diverse forefallande praktiske oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Det blir lagt stor vekt på fleksibilitet og gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Norsk autorisasjon som helsesekretær/medisinsk sekretær 
  • Må ha god IKT kompetanse 
  • Det er ønskjeleg med erfaring innan DIPS Arena og Libra
  • Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Personlege eigenskapar

  • Søkjar må vere nøyaktig, strukturert, påliteleg og kunne arbeide sjølvstendig
  • Søkjar må arbeide målretta, og ha evne til å disponere tid og prioritere oppgåver
  • Søkjar må bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Søkjar må kunne kommunisere og samarbeide godt med pasientar, pårørande og kollegaer 

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Dyktige og engasjerte kollegaer 

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haugane 8, 5307 Ask
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsesekretær

Nøkkelord

Helsesekretær/Medisinsk, sekretær

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vibeke Handeland
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
56 15 51 60
41 66 32 04
Følg firma
2235 følger dette firmaet

Haugane 8, 5307 Ask

Annonseinformasjon

FINN-kode 231871689
Sist endret 14. sep. 2021 06:24

Rapporter annonse