Førstekonsulent dokument og arkiv

Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Stillingstittel
Førstekonsulent dokument og arkiv
Frist
27.09.2021
Ansettelsesform
Fast

I Vest politidistrikt ved Stab for verksemdsstyring, Seksjon for dokumentforvaltning og arkiv er det ledig ei fast 100% stilling som Førstekonsulent SKO 1408. Stillinga er stadsplassert i Florø.


Stab for verksemdsstyring er strategisk leiarstøttestab for politimeisteren og hans leiargruppe i Vest politidistrikt. Staben er delt inn i tre seksjonar, Seksjon for strategisk støtte, Seksjon for verksemdsstyringog økonomi, og Seksjon for dokumentforvalting og arkiv.

Seksjon for dokumentforvaltning og arkiv er plassert i Florø, men har også medarbeidarar i Bergen. Seksjonen har totalt 6 tilsette og har også lærling.

Arbeidsoppgåver

  • Daglege driftsoppgåver knytta til postbehandling, journalføring, skanning av dokument og kvalitetssikring
  • Brukarstøtte i saksbehandlings- og arkivsystemet WebSak
  • Delta i websakopplæring
  • Følgje opp krav om innsyn, kvalitetssikre offentleg journal
  • Utvikle, kvalitetssikre og implementere rutinar
  • Kvalitetssikre og ajourholde arkiv (elektronisk og papir)
  • Periodiske oppgåver innan fagfeltet; medrekna å klargjere arkiv for avlevering
  • Andre oppgåver pålagd av overordna

Kvalifikasjonar

  • 3-årig vidaregåande skule eller fagbrev innan fagfeltet
  • Meget gode norskkunnskapar - både skriftleg og munnleg
  • God IT - og systemkompetanse
  • Relevant arbeidserfaring blir vektlagt
  • Fagbrev innan kontorfag blir vektlagt
  • Kjennskap til Noark-system blir vektlagt
  • Erfaring frå WebSak er ein fordel
  • Erfaring frå opplæringsverksemd er ein fordel
  • Kjennskap til politiet sine datasystem er ein fordel

Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Personlege eigenskapar

  • Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
  • Ha engasjement og interesse for fagfeltet
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Vere fleksibel - kunne avhjelpe kollegaer på tvers av avsnitt og oppgåver når det er nødvendig
  • Ha godt humør og evne til å bidra til samhald og eit godt arbeidsmiljø
  • Vere serviceinnstilt, fleksibel og tilpassingsdyktig


Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme framtidas politi
  • Eit solid fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter, og eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga blir lønna som førstekonsulent SKO 1408 i LR 21 alt. 7,  frå ltr.43 /kr. 413 500,- til  ltr. 52 /kr. 475 800,- brutto per år, avhengig av ansiennitet
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordninger (www.spk.no)
  • Gode arbeidsbetingelser (til dømes fleksibel arbeidstid, sommartid, trening i arbeidstiden o.l.)


Generelt

For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjar må kunne bruke både bokmål og nynorsk. Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil si positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsportal dersom dei har funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Les mer på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25. Vi ber om elektronisk søknad via lenka.

Ref.nr: 21/98058

Om arbeidsgiveren

Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 593 450 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.



Sektor
Offentlig
Sted
Strandavegen 13, 6900 Florø
Bransje
Politi og sikkerhet
Stillingsfunksjon
Arkivar og bibliotekar,
Dokumentasjon,
Saksbehandler

Nøkkelord

Arkiv, Dokumentforvaltning, Administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Truls Morten Kaland
Stillingstittel
Fung. seksjonsleiar
Telefon
412 54 022
Kontaktperson
Seksjon for HR
Stillingstittel
Spørsmål om elektronisk CV/søknad
Følg firma
192 følger dette firmaet

Strandavegen 13, 6900 Florø

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 231819507
Sist endret 13. sep. 2021 16:46

Rapporter annonse