Intensivsykepleiar 100 % stilling ved MIO

Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Stillingstittel
Intensivsykepleiar 100 % stilling ved MIO
Frist
03.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Fonna HF

Medisinsk intermediær overvaking (MIO) ved Haugesund sjukehus har ledig 100 % stilling som Intensivsjukepleiar i tredelt turnus. 


MIO tar imot og behandlar akutt kritisk sjuke pasientar med samansette og komplekse diagnosar innanfor det indremedisinske fagfeltet. Eininga behandlar pasientar som treng kardiologisk eller medisinsk intermediær overvaking. Vi behandling akutt/truande hjarteinfarkt, arytmiproblematikk, hjertesvikt og andre akutte hjartesjukdommar. Vi behandlar òg pasientar med respirasjonsproblem og behov for NIV, ketoacidose, intoxer, actilyse mm.

Det blir vektlagt høg fagleg kvalitet i arbeidet, arbeid i team og tett samarbeid med andre faggrupper.

Hos oss vil du bli ein del at eit aktiv og positivt arbeidsmiljø, med dyktige og hyggelege medarbeidarar.

Avdelinga er i endring og skal over i nye lokale i 2022. I samband med dette skal MIO bli ei eiga eining med 13 overvakingssenger. Hjartepost vil då bli ei eiga eining saman med lungepost. Vi søker etter intensivsjukepleiar som gjerne vil vera med oss i denne omstillinga, som har eit sterkt fagleg fokus og som ønsker å bygge opp vår nye MIO eining.


Arbeidsoppgåver

  • Mottak og sjukepleiarfagleg ansvar for akutt kritisk sjuke pasientar.
  • Gi god omsorg for pasientar og pårørande.
  • Setja i verk og vidareføra behandling i samarbeid med pasientansvarleg lege.
  • Bruk av avansert medisinsk teknisk utstyr (MTU).
  • Tett samarbeid med andre tverrfaglege yrkesgrupper.
  • Rettleiing av kollegaer og studentar i vidareutdanning i intensivsjukepleie.
  • Tolking av EKG/rytmar (scopsentral - overvaking).
  • Vere med på å utvikla og forbetra avdelinga si arbeid innanfor ulike fokusområde.
  • Inngå i tredelt turnus.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Vidareutdanning i intensivsjukepleie.
  • Relevant sjukehuserfaring og erfaring. 
  • Kjennskap til medisinsk teknisk utstyr.
  • Kjennskap til hjartepasientar og akutt kritisk sjuke.
  • Fagleg engasjert og interessert.
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestådd norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer.
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt.
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande eller krevnde situasjonar.
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeidar målretta og strukturert.
  • Du evnar å tilpassa og formidla kompleks informasjon til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar.
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa, og ønsker å vidareutvikla kompetansen din.
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
  • Du trivst med å arbeida i eit tverrfagleg miljø, sjølvstendig og meistrar høgt tempo.
  • Personleg eigenskapar blir vektlagt.

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå.
  • Oppfølging og opplæring.
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
  • Ein spennande, meningsfull og utfordrande jobb.
  • Fagleg utvikling gjennom fagdager og simuleringstrening. 
  • Lønn i samsvar med gjeldsande overeinskomst
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA).
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Dersom ønske om førerett må dette oppførast i søknaden.

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.



Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.




For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.



 

Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundsgaten 120, 5528 Haugesund

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lene Stavland
Stillingstittel
Funksjonsleder - Hjertepost/MIO
Telefon
52 73 32 47
Følg firma
111 følger dette firmaet

Karmsundsgaten 120, 5528 Haugesund

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 231815889
Sist endret 16. sep. 2021 15:37

Rapporter annonse