Utløpt

Jobb i museum ?

Arbeidsgiver
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Museumsvert
Frist
03.10.2021
Ansettelsesform
Fast
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum søkjer museumsvert

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum ligg på Vestreim i Sogndal kommune, og har rolle som regionmuseum for Sogn. Museet er eitt av dei eldste og største kulturhistoriske musea i landet, og har omfattande samlingar frå mellomalderen og fram til i dag.

Publikumstilbodet vårt omfattar utstillingar, formidlingsløyper, arrangement og formidlingsopplegg skreddarsydd for ulike målgrupper. 

I friluftsmuseet møter du over 30 antikvariske bygningar i eit historisk kulturlandskapsmiljø, og i sommarsesongen er det levande dyr på museumsgarden. I hovudbygget finn du utstillingar, så vel som museumsbutikk og -kafe. 

Les meir om museet på denne lenkja.  (http://www.dhs.museum.no/)


Om stillinga

Vi søkjer ein person med interesse og engasjement for museum og kulturhistorie, og som evnar å spegle dette i ei vertskapsrolle på vårt museum. Museumsverten er vårt ansikt utad, og skal yte sørvis og gje god informasjon til dei ulike publikumsgruppene og besøkande på museet. 

Som museumsvert vil du arbeide med:

  • førstelineoppgåver (telefon, e-post, SoMe, resepsjon)
  • informasjon til publikum og besøkande på arenaen og digitale flater
  • drift av museumsbutikk og -kafe
  • booking og utleige av museet sine lokale
  • administrative oppgåver
  • planlegging og praktisk gjennomføring av arrangement
  • oppfølging av sommarvertar
  • enkle formidlingsoppgåver

Arbeidet ved museet vil vere prega av sesongsvingingar, og du må rekne med intensive arbeidsperiodar, så vel som noko arbeid på kveldstid og i helg. 


Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har:

  • vidaregåande opplæring innan sal, service og reiseliv, eller tilsvarande
  • erfaring med vertskapsrolla
  • erfaring med matlaging/baking
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • erfaring med bruk av digitale verktøy
  • erfaring med administrative oppgåver
  • førarkort kl. B

Relevant arbeidserfaring kan erstatte krav om utdanning.


Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • handlar på eige initiativ, får ting til å skje og tar ansvar for resultat
  • har ei systematisk og strukturert tilnærming til arbeidsoppgåvene dine
  • evnar å tenke nytt, tilpassar deg og trivast med endringar, og ser utfordringar som moglegheiter 
  • trivast med både individuelt og team-basert arbeid, og viser gode samarbeidsevner
  • er stødig og til å lite på
  • tilpasser deg og trivast med variasjon i arbeidsoppgåver

Vi kan tilby

Som museumsvert ved De Heibergske Samlingar - Sogn Folkemuseum vil du vere del av avdeling kulturhistorie i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MiSF).

MiSF er ei IA-verksemd, og vi tilbyr god pensjonsordning gjennom KLP.

Stillinga som museumsvert blir løna etter avtale, og har stillingskode 1409 i Landsoverenskomsten for museum (Virke).


Generell informasjon

Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn.

Søknadsfrist 03.10.2021.

Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til museumsleiar Aud Ross Solberg på tlf. 47 45 27 68 eller avdelingsdirektør kulturhistore Synnøve S. Bjørset på tlf. 90 85 23 34.

Ved spørsmål som gjeld elektronisk søknadsskjema kan du ta kontakt med Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller kundeservice@jobbnorge.no kvardagar mellom 08:00-16:00.


Om arbeidsgiveren

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane er eit konsolidert museum med visjon om å vere ein relevant og aktiv samfunnsaktør innan kunst og kulturarv.

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, Norsk Reiselivsmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Norsk Kvernsteinsenter og Sogn og Fjordane Kunstmuseum er med i den konsoliderte eininga.

Vi nyttar nynorsk som administrasjonsspråk og i skriftleg kommunikasjon med eksterne. Stiftinga har omlag 50 årsverk.

Les meir om Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane.

Sektor
Offentlig
Sted
Mannhellervegen 643, 6854 Kaupanger
Bransje
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon / Resepsjon,
Kundeservice,
PR og informasjon
Følg firma
66 følger dette firmaet

Mannhellervegen 643, 6854 Kaupanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 231812151
Sist endret 13. sep. 2021 14:58

Rapporter annonse