Utløpt

Er du sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar eller har anna relevant helsefagleg utdanning ?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
Stillingstittel
Nattevakter
Frist
28.09.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi er i gang med eit prosjekt som skal utvikle organiseringa av nattevakttenestene ved Luranetunet. I den samanheng er vi på jakt etter engasjerte medarbeidarar som ønskjer å delta i dette spennande utviklingsarbeidet. Vi søkjer helsefagleg personell til faste stillinger i omlag 30% - 80%, fortrinnsvis sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar, men anna relevant helsefagleg utdanning vert òg vurdert. Vi er fleksibel med omsyn til stillingsstorleik, spesifisèr i søknaden kva du kan tenke deg. 

Arbeidsstad
Luranetunet rommar 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar og ein serviceavdeling reinhald, vaskeri, kantine, teknisk.

Luranetunet sin visjon er Varme og vekst i samspel . Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid. Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med høner, kaniner, lysthus, bærbuskar, tre og planter.

Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og faglege utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gje til pårørande og andre som kjem på besøk til oss. 

Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar som har krav på god rettleiing, der vårt helsepersonell er sentrale. Vi dokumenterer helsehjelp i Profil og har eit elektronisk kvalitetssystem med rutinar og prosedyrar som kvar enkelt er ansvarleg for å halde seg oppdatert på.

Sjå heimesida vår for meir informasjon, eller Luranetunet si facebook side.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som:

  • har fullført sjukepleiarutdanning, vernepleiarutdanning, er helsefagarbeidar eller har anna relevant helsefagleg utdanning
  • har vidareutdanning innan palliasjon, geriatri, psykiatri, demens, rehabilitering, men nyutdanna helsepersonell er også velkomen til å søkje
  • har eit hjerte som bankar ekstra for eldre innan demensomsorg
  • deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er engasjert, positiv og villig til å lære
  • er fleksibel og endringsvillig
  • er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt
  • bidrar positivt til arbeidsmiljøet og er heller ikkje redd for å bli kjent i fleire avdelingar og kan bidra ut over eige nattevaktlag om det trengst 

Saman med dyktige kollegaer vil du utføre oppgåver som sikrar høg kvalitet og at brukarane sine rettar blir ivaretatt. 
Søkjarar utanfor Norden må ha gode språkferdigheitar, både muntleg og skriftleg (B2-nivå).
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Vi tilbyr 

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Internundervisning og mulighet for relevant vidareutdanning
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no. 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa. Bjørnafjorden har i underkant av 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står framom store endringar og er avhengig av medverknad frå alle tilsette.
Vi oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag.
Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. For å nå dette målet, samstundes som vi omstiller oss, treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?

Sektor
Offentlig
Sted
Solstrandsvegen 39, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier,
Sykepleier / Eldreomsorg,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

sykepleier, vernepleier, helsefag, nattevakt

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anita Nordvik Kyrkjeteig
Telefon
90 09 31 76
Kontaktperson
Kari Johnsen
Telefon
55 57 55 23
Kontaktperson
Maren Sofie Kislu
Telefon
90 82 23 91
Følg firma
482 følger dette firmaet

Solstrandsvegen 39, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 231789988
Sist endret 13. sep. 2021 11:39

Rapporter annonse