Utløpt

Vi søker ein ny medarbeidar til servicesenteret/forkontoret til politisk leiing.

Arbeidsgiver
Arbeids- og sosialdepartementet
Stillingstittel
Førstekonsulent/seniorkonsulent
Frist
26.09.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med AID! Velkommen til våre sider!
Om stillinga

Trivst du med praktisk tilrettelegging? Trivst du med å yte "det lille ekstra"? Er du serviceinnstilt og samarbeider godt med andre? Da kan du vere den vi ser etter!

Du vil få både tekniske og praktiske arbeidsoppgåver på servicesenteret vårt og på forkontoret til politisk leiing. 


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil vere ulike driftsoppgåver (ekspedering, rekvisita, teknisk bistand, klargjering av kontor, dagleg vedlikehald og rydding av lokale o.l.), oppdatere kalendrar og møteforebuing (irekna sakspapirer, servering o.l.), ulike koordineringsoppgåver og elektronisk saksflyt mellom administrasjonen og politisk leiing.


Kva slags bakgrunn har du?
  • Du har samfunnsvitskapleg utdanning på bachelornivå.
  • Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
  • Det er ein fordel om du har erfaring frå liknande arbeid frå offentleg verksemd.
  • Du har god digtal kompetanse og er nysgjerrig på digitale løysingar.
  • Du har gjerne erfaring med elektronisk sakshandsamingsssystem - helst Websak Fokus.
  • Du må kunne sikkerhetsklarerast.

Kven ser vi etter?
  • Du er serviceinnstilt og imøtekommande.
  • Du er grundig og nøyaktig. 
  • Du liker rutineoppgåver, men er klar for nye utfordringar.
  • Du har god skriftleg og munnleg formidlingsevne - både på norsk og engelsk.
  • Du har evne til å jobbe sjølvstendig, men samarbeider óg svært godt med andre. 
  • Du har god rolleforståing.
  • Du har interesse for eller kjennskap til offentleg forvalting og saksgang mellom departement, regjering og Stortinget.

Kva får du hos oss?
  • Ei stilling sentralt i departementet.
  • Hyggelege kolleger og eit godt arbeidsmiljø.
  • Varierte arbeidsdagar.
  • Årslønna di avheng av kvalifikasjonane dine, men ho vil ligge mellom 460.000 og 600.000 kr.  
  • Er du særleg godt kvalifisert for stillinga, kan vi vurdere høgare lønn.
  • I tillegg får du alle godane ved å vere tilsett i staten, mellom anna fleksitid, sommartid og medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber tenestepensjonsordning og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Du får høve til å trene i arbeidstida.

Les dette før du søker
  • Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkerlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
  • Arbeidsspråket er norsk.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med Kristin L. Andersen på tlf. 22 24 84 63 (ka@asd.dep.no) eller Gard Kjølholdt på tlf. 22 24 85 02 (grk@asd.dep.no)


Om arbeidsgiveren

Arbeids- og sosialdepartementet har ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, inntektspolitiske spørsmål, arbeidsrett, arbeidsmiljø- og sikkerheit, pensjonspolitikken og velferdspolitikken.

Departementet forvaltar rundt ein tredel av statsbudsjettet. 

Vi er om lag 200 tilsette fordelt på seks avdelingar og ei presse- og og kommunikasjonseining. 

Stabsavdelinga har ansvaret for å hjelpe departementsråden i styringa av departementet og å sørge for effektiv drift. Avdelinga har ansvaret for departementet sitt arbeid med tryggleik og beredskap, intern drift, organisasjonsutvikling og oppfølging av personalpolitikken i departementet og interne system for arkiv, sakshandsaming og IKT.
 

Sektor
Offentlig
Sted
Akersgata 64, 0180 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Kontor og administrasjon / Kontorarbeid,
Samfunnsviter
Følg firma
885 følger dette firmaet

Akersgata 64, 0180 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 231772921
Sist endret 13. sep. 2021 08:44

Rapporter annonse