Utløpt

Sjukepleiarar/vernepleiarar til heroin- assistert behandling

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar i heroin assistert behandling
Frist
26.09.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Vil du vere med på å utvikle tilbod om heroinassistert behandling?

Avdeling for rusmedisin, LAR, skal innan utgangen av 2021 etablere eit prøveprosjekt med Heroinassistert behandling (HAB) som ein del av legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Vi har fått mange gode medarbeidarar, men treng nokre fleire. Ønskjer du å jobbe i eit spennande fagfelt og vere med å etablere heroinassistert behandling i Helse Bergen? 

Heroinassistert behandling skal etablerast som eit tilbod for ei utvald målgruppe av personar med avhengigheit til heroin. Det som skil HAB frå LAR er først og fremst legemiddelet. Diacetylmorfin (heroin) kan inntas ved intravenøs injeksjon eller som tablett og må inntas fleire gonger i døgnet. Dette til forskjell frå LAR-legemiddel (metadon, buprenorfin) som inntas éin gong i døgnet.

HAB-teamet vil vere tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar og merkantil. Teamet vil også ha tilknytta erfaringskonsulent. Teama har ansvar for både substitusjonsbehandlinga og den øvrige tverrfaglege spesialiserte behandlinga og rehabiliteringa av pasientane.

Ei sentral oppgåve for sjukepleiarar og vernepleiarar i HAB er å sikre pasientane ein dagleg, forsvarleg behandling med diacetylmorfin (heroin) som legemiddel i LAR. Sjuke- og vernepleiarane skal også sikre at den enkelte pasient blir gitt eit individuelt tilpassa og helhetlig behandlings- og rehabiliteringsforløp, i samarbeid med andre deler av spesialisthelsetenesta, kommunen og andre relevante tenesteytarar. Pasientkartlegging og datainnsamling til forsking vil også vere ei viktig arbeidsoppgåve.

HAB vil halde til i nye og rehabiliterte lokale i Bergen Sentrum. Det er planlagd ein eigen opplæringsperiode for heile personalgruppa før oppstart av pasientbehandlinga. Oppstart av HAB vil etter planen skje i byrjinga av 2022.

HAB-klinikken vil ha åpningstid mellom cirka kl 8.00 og 18.00 alle dagar i året, inkludert sundagar og helligdagar. Turnus planlegges med 10 timers vakter, og arbeid kvar 4. helg. For å oppretthalde samansettinga av personalgruppa oppfordrast menn til å søkje.


Om avdelinga:
Avdeling for rusmedisin består av fleire seksjonar, herunder ein eigen seksjon for LAR, to ruspoliklinikkar, ein forskingsseksjon, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling, mellom anna knytta til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar og fagleg integrasjon med divisjon psykisk helsevern.    

Arbeidsoppgåver

  • Sikre forsvarleg legemiddelbehandling: mottak av pasient og vurdering av ruspåverknad før inntak av dose, observere og rettleiie pasienten ved injeksjon av heroin, observera teikn til overdose etter inntak av dose, handtering av overdosar
  • Legemiddelhandtering: bestilling, mottak, klargjering av dagsdosar, føring av narkotikarekneskap m.m.
  • Sikre at den einskilde pasient blir gitt eit individuelt tilpassa og heilskapleg behandlings- og rehabiliteringsforløp, i samarbeid med andre delar av spesialisthelsetenesta, kommunen og andre relevante tenesteytarar
  • Psykososial oppfølging og behandling av den einskilde pasient
  • Gjennomføre pasientkartlegging og datainnsamling i samsvar med forskingsprotokoll
  • Ivareta lovpålagd kartleggingsansvar, t.d. for barn som pårørande

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer sjukepleiarar og vernepleiarar med norsk autorisasjon
  • Relevant erfaring frå arbeid med personar med rusmiddelavhengigheit i spesialisthelseteneste eller kommune (rus- og avhengigheit, psykiatri, somatikk) vil telje positivt
  • Relevant vidareutdanning (rus- og avhengigheit, psykiatri, somatikk) er ønskjeleg
  • Erfaring med innsamling av data til forsking er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for pasientgruppa
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne og vilje til å inngå i langvarige og krevjande behandlingsrelasjonar til pasientar
  • Fleksibel, tåler uforutsigbarheit og kan prioritere ved samtidighetskonflikter
  • Kan arbeide sjølvstendig og har evne til å jobbe strukturert og planmessig
  • Evne og vilje til å bidra positivt i arbeidsmiljøet
  • Ønskje om å delta i rettleiing 

Vi tilbyr

  • Vi søkjer etter sjukepleiarar/vernepleiarar, med tilsetjing etter nærare avtale mellom september og november
  • Moglegheit til å bidra i utviklinga av eit nytt og spennande behandlingstilbod
  • Ein utfordrande og arbeidskrevjande kvardag
  • Kompetansehevande tiltak i forhold til behova i pasientbehandlinga
  • Arbeid i tverrfagleg team
  • Regelmessig rettleiing
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Østre Mutallmenning 7, 5012 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier

Nøkkelord

Sykepleier,, vernepleier, i, heroinassistert, behandling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Svanhild Mellingen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 01 00
Kontaktperson
Vibeke Bråten Buljovcic
Stillingstittel
Leiar
Telefon
94 79 89 83
Følg firma
2234 følger dette firmaet

Østre Mutallmenning 7, 5012 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 231450029
Sist endret 13. sep. 2021 08:34

Rapporter annonse