Utløpt

Veterinær - førsteinspektør

Arbeidsgiver
Avdeling Nordfjord
Stillingstittel
Veterinær - førsteinspektør
Frist
30.09.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Mattilsynet

Mattilsynet er ein kunnskapsorganisasjon som legg stor vekt på kompetanseutvikling og å dele kunnskap på tvers av fagområde. Som medarbeidar i Mattilsynet får du fagleg utvikling og kan påverke eigen arbeidssituasjon. I stillinga kan du som veterinær bruke dine fagkunnskapar til å vurdere og forbetre dyrs levevilkår.  Mattilsynet er ein viktig samfunnsaktør og må heile tida vere i endring for å takle nye utfordringar. Arbeidsdagen din er fleksibel, og du er vel så mykje ute i felt som på kontoret. Rundt deg har du eit tverrfagleg og støttande arbeidsmiljø.

Region Sør og Vest omfatta fylka Vestland, Rogaland og Agder. Avdeling Nordfjord har har totalt 16 tilsette. Avdelinga har eit rikt mangfald av oppgåver, innan t.d. husdyrhald, akvakultur, plantetilsyn, drikkevatn, import, eksport, bearbeiding av næringsmiddel og omsetning. Tilsynsarbeid er knytta til kommunane Stad, Bremanger, Gloppen, Stryn og nordredel av Kinn (tidlegare Vågsøy). Vi har ledig stilling som veterinær med kontorstad i Deknepollen eller i Loen. Stillinga er primært med tilsynsoppgåver innan dyrehelse og dyrevelferd. 

Arbeidsoppgaver

Du vurderer og forbetrer dyrs helse og velferd gjennom å føre tilsyn. Det betyr at du reiser rundt og observerer produksjonsdyr og kjæledyr, tar ut prøver, handterer sjukdomsutbrot og rettleiar dyreeigar. Du handsamar saker etter gjeldande regelverk, deltar i møte og skriv rapportar.

Du har viktige oppgåver i beredskapsabeid og er klar til å rykke ut når det oppstår hendingar som krev det, for eksempel alvorlege sjukdomsutbrot.  

Du har også oppgåver med førebygging, opplysning og rettleiing overfor verksemder, bønder og dyrevernarar.

Du kan bli involvert i andre fagområder som f.eks. kjøtkontroll og grensekontroll. 

Kvalifikasjoner

Du er veterinær med norsk autorisasjon.  

Du er gjerne offentleg veterinær og med studieretning for produksjonsdyr og mattryggleik, men det er ikkje eit krav for stillinga.

Det er bra om du har erfaring frå offentleg forvaltning, tilsynsarbeid eller anna relevant arbeid, men nyutdanna kan også søkje.
Kunnskap og erfaring frå eit eller fleire av etatens fagområder er ein fordel.

Du snakkar og skrive flytande norsk.

Du er fortruleg med å bruke IKT-verktøy og å ta i bruk nye digitale løysingar.     

Du har førarkort i klasse B.  

Personlige egenskaper

Du er glad i dyr og liker å treffe mennesker og har evne til å observere, lytte og bygge tillit.

Du kommuniserer klart og tydeleg, og bruker fagkunnskapen din på ein relevant og konkret måte. Samtidig som du tar avgjersle til dyr sitt beste.

Du jobber strukturert, effektivt, har god produksjon og takler varierte dagar.

Du samarbeider godt med arbeidskollegar og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

Ein fagleg interessant og meiningsfullt arbeid med høve til å forbetre dyrs kvardag.

Eit tverrfagleg fellesskap og støttande arbeidsmiljø med fleksibel arbeidstid.

Stillinga er løna i st.kode 1498, førsteinspektør p.t. kr. 510.000 - 600.000 per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar med lang relevant praksis, kan stilling som seniorinspektør, kode 1499 og høgare løn bli vurdert.

Gunstige pensjons- og lånevilkår i Statens Pensjonskasse. Du har rettar i samsvar med statleg regelverk og tariffavtalar. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Pensjonskassen.

 

Slik søkjer du
Søknader vert berre motteken elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden.              

Vi ber om at du registrerer fullstendig CV, og laster inn vitnemål og attestar som vedlegg.

Ver venleg å oppgje referansar i søknaden.

Om arbeidsgiveren

Mattilsynet skal bidra til trygg mat og trygt drikkevatn, og trygg og miljøvennleg matproduksjon. Tilsynet skal også bidra til å fremme god helse hos planter, fisk og dyr, og god dyrevelferd og respekt for dyr. Mattilsynet er eit sjølvstendig statleg tilsynsorgan som rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Mattilsynet har om lag 1400 tilsette og er organisert med eit direktorat og fem regionar. Regionane utfører tilsyn gjennom å vere tilstades rundt om i landet. Les meir her: www.mattilsynet.no


Inkludering og mangfald er ein styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgvene på ein enda betre måte. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søker jobb hjå oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkar i kvar gruppe til intervju. Dersom du får jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Vi brukar berre avkryssingane til å velje ut riktige kandidatar og til anonymisert statistikk.

Sektor
Offentlig
Sted
Nordfjordvegen 9252, 6718 Deknepollen
Bransje
Dyr og dyrehelse
Stillingsfunksjon
Veterinær og dyrepleier

Nøkkelord

dyrehelse,, dyrevelferd,, kjøttkontroll,, grensekontroll

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bente Sande
Stillingstittel
Avdelingssjef
Telefon
22 77 79 91
91 52 42 85
Følg firma
1277 følger dette firmaet

Nordfjordvegen 9252, 6718 Deknepollen

Annonseinformasjon

FINN-kode 231345945
Sist endret 1. okt. 2021 00:12

Rapporter annonse