Utløpt

Avdelingsleiar i bufellesskap - Miljøtenesta 2. gongs lysing

Arbeidsgiver
Vang Kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar i bufellesskap, Miljøtenesta - 2.gongs lysing
Frist
03.10.2021
Ansettelsesform
Fast

Vi har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar ved ein av våre basar i IHT, Miljøtenesta. Oppstart etter avtale.

Stillinga som avdelingsleiar er delt mellom administrativ tid og brukarretta arbeid i turnus ved Base Nord, bufellesskap Grindatun. Det ligg òg ansvar for nokre andre tenester inn under basen.

Avdelingsleiar er ein del av avdelingsleiargruppa i IHT, Miljøtenesta.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve personalleiing og - administrasjon - pt. ca 50 % administrativ stilling
  • Brukerretta arbeid i turnus, med arbeid kvar 3 helg.
  • Utøve fagleg, administrativ og økonomisk leiing
  • Utøve målretta miljøarbeid

Kvalifikasjonar

  • Autorisert vernepleiar eller anna relevant 3-årig helse- og/eller sosialfagleg utdanning
  • Utdanning og/eller erfaring innan administrasjon og leiing er ynskjeleg
  • Teoretisk og praktisk kunnskap om ulike faglege tilnærmingar og metodar
  • Mestre målarbeid og evaluering
  • Gjerne erfaring frå budsjett og økonomisk arbeid
  • Gode ferdigheter innan IKT, bruk av elektronisk pasientjournal, elektronisk personaladministrasjon og arbeid med turnus
  • Gode norskkunnskapar og god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort kl. B og disponera bil

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsferdigheiter
  • Evne å arbeide sjølvstendig
  • Fleksibel, løysingsorientert og positiv
  • Stabil, god ordenssans og sjølvinnsikt

Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med godt fagleg fokus og tett samarbeid med både kollegaer og tilsette, samt eit godt samarbeid med tenestemottakarar og føresette/verger
  • Løn etter avtale og etter kommuen sitt løns -og stillingsregulativ
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
  • Kommunen kan vere behjelpeleg med bustad

Om arbeidsgiveren

Vestlandsfjell og Austlandsklima er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv. 


 


Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.


Vi gjer merksam på at  søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

Sektor
Offentlig
Sted
Tyinvegen 5150, 2975 Vang i Valdres
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Ledelse

Nøkkelord

vernepleie, leder, bofellesskap

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Elisabeth Hålien
Stillingstittel
Leiar Miljøtenesta
Telefon
99 09 00 13
Følg firma
24 følger dette firmaet

Tyinvegen 5150, 2975 Vang i Valdres

Annonseinformasjon

FINN-kode 231216493
Sist endret 13. sep. 2021 13:44

Rapporter annonse