Utløpt

Musikk- og kulturskulelærar

Arbeidsgiver
Bykle kommune
Stillingstittel
Musikk- og kulturskulelærar
Frist
29.09.2021
Ansettelsesform
Fast

Vi treng ein allsidig ressurs.

Likar du å jobbe sjølvstendig og kreativt så er dette staden for deg.  

Hos oss er du med å utvikle kulturtilbodet til barn og unge, med hovudvekt på barn i alderen 6-13 år. Vi har to kulturhus, Bykle Samfunnshus og Hovden Grendehus. Vi har tilgang på lyd, lys, gode scenar, band- og undervisningslokale. Kulturskulen gir undervisning både på Hovden og i Bykle og fungerer som ressurssenter for musikk og kultur i Bykle kommune. 

Kultur og fritid har 12 tilsette. Desse har ansvar for kulturskule, ungdomsarbeid, kulturhus og ulike arrangement i løpet av året. Vi legg vekt på eit godt arbeidsmiljø der den enkelte kan vere med på å forme tilboda vi skal levere.  

Arbeidsoppgåver

  • Time- og gruppe-undervisning i kulturskulen: Band, gitar/bass, laptop.
  • Anna undervisning ut i frå kompetanse.
  • Musikkundervisning i barne- og ungdomskule.
  • Kulturformidling i kulturskulen og i lokalsamfunnet.
  • UKM - Bidra til rekruttering og praktisk arbeid i forbindelse med arrangementet.
  • Lydteknikk/musikkproduksjon.
  • Ungdomsarbeid/fritidsklubb

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3- årig relevant utdanning frå høgskule eller universitet.
  • Undervisningskompetanse
  • Gjerne relevant erfaring frå arbeid med barn og unge.
  • God i norsk munnleg og skriftleg
  • God kjennskap til digitale verktøy

Personlege eigenskapar

  • Evne og engasjement til å jobbe med elevane våre.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kunne jobbe sjølvstendig og strukturert

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar etter tariff
  • Rekrutteringstillegg kr 40 000 i tre år for søkjarar med godkjent utdanning.
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Det er krav om politiattest ved tilsetting
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. 
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.

Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar

Om arbeidsgiveren

Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.


Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette

Sektor
Offentlig
Sted
Sarvsvegen 18, 4754 Bykle
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Veileder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helga Jacobsen
Stillingstittel
Tenesteleiar
Telefon
45 27 32 18
Følg firma
48 følger dette firmaet

Sarvsvegen 18, 4754 Bykle

Annonseinformasjon

FINN-kode 231157660
Sist endret 7. sep. 2021 17:59

Rapporter annonse