Utløpt

Feiarinspektør 100 % fast Øygarden brann og redning KF

Arbeidsgiver
Øygarden brann og redning KF
Stillingstittel
Feiarinspektør 100 % fast Øygarden brann og redning KF
Frist
21.09.2021
Ansettelsesform
Fast

Øygarden brann og redning KF (ØBR) er eit kommunalt føretak. Føretaket har eiga styre somrapporterar direkte til kommunestyret. ØBR er inndelt i ei administrasjonsavdeling, beredskapsavdeling og førebyggjande avdeling. Hovudbrannstasjonen ligg på Ågotnes. Her held også førebyggjande avdeling til. Føretaket har om lag 70 heil- og deltidstilsette.

Branntryggleiken til innbyggjarane våre er vårt fokusområde, uansett om dei er heime, på jobb, på skulen eller i butikken. Å arbeide ved førebyggjande avdeling er å vere med på målretta innsats for å betre branntryggleiken og gje ein tryggare kvardag for innbyggjarane i Øygarden kommune. Dette gjer vi gjennom tilsyn, haldningsskapande arbeid og andre brannførebyggjande tiltak. Vi ønskjer medarbeidarar som ønskjer å utgjere ein forskjell og har tru på at det alltid er mogleg å skape forbetring.

 

Om avdelinga:

Øygarden brann og redning KF førebyggjande avdeling har 9 medarbeidarar fordelt på to seksjonar. Seksjon for HMS tilsyn og opplæring, og seksjon for feiing og tilsyn. I tillegg kjem avdelingsleiaren og ev. lærlingar. Avdelinga driv eit aktivt brannførebyggjande arbeid for og i samarbeid med kommunen.

 

Arbeidsoppgåver:

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg
Utføre oppgåver innan offentleg forvaltning/sakshandsaming
Brannførebyggjande informasjonsarbeid
Bidra til utvikling og forbetring av tenestene slik at dei held ein høg standard
Oppfølgingsansvar for lærlingar
Stillinga rapporterer til seksjonsleiar ved seksjon for feiing og tilsyn emd fyringsanlegg

 

Kvalifikasjonar:

Må ha:

Sveinebrev som feiar/brannførebyggar
Erfaring med feiing og tilsyn av fyringsanlegg
Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner i norsk
Førarkort minst klasse B
Gode datakunnskaper

Ønskjeleg med:

Erfaring i bruk av DM brann
Båtførarbevis

Personlege eigenskapar:

Evne til å kommunisere og bygge tillitsfulle relasjonar
Evne til å planlegge, prioritere og evaluere eiga arbeid
Evne til å tileigne seg ny kunnskap
Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
Positiv, initiativrik og sørvisinnstilt

Personlege eigenskapar vil bli særskild vektlagt. Vi vil spesielt vektlegge eigenskapar, som bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Anna:

Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest

Vi tilbyr:

Gode pensjons- og forsikringsordningar
IA-bedrift
Eit aktivt fagmiljø med faglege utfordringar
Eit triveleg arbeidsmiljø
Fleksitidsordning
Løn etter avtale
2 timer trening i arbeidstida pr. veke
Treningsrom på arbeidsplassen

Om arbeidsgiveren

Øygarden brann og redning er organisert som eit kommunalt føretak i Øygarden kommune. Føretaket har om lag 70 heil- og deltidstilsette, og har ansvar for brann- og redningsoppgåver for omlag 38 500 personar i Øygarden kommune i Vestland fylke.

Sektor
Offentlig
Sted
Tranesvegen 15, 5347 Ågotnes
Bransje
Politi og sikkerhet
Stillingsfunksjon
Brannvern

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Leif Reithaug
Telefon
92 20 31 23
Kontaktperson
Ove Geir Stusdal
Telefon
48 02 33 17
Følg firma
321 følger dette firmaet

Tranesvegen 15, 5347 Ågotnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 231143255
Sist endret 7. sep. 2021 15:54

Rapporter annonse