Utløpt

Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
30.09.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Har du lyst til å jobbe saman med oss? 

Vi søkjer deg som ønskjer erfaring frå medisinsk fagfelt. Vi har ledig 4 faste stillingar for sjukepleiar - 2 x 100 % og 2 x 75 % stillingar. Det kan verte andre ledige stillingar og vikariat ved interne omrokkeringar.

Avdelinga har 26 budsjetterte senger med eit relativt høgt aktivitetsnivå. Vi har høg fagleg kompetanse, og eit trygt og erfarent arbeidsmiljø. Dei medisinske fagfelta er fordelt på følgjande seksjonar:  

  • Hjerte og lunge
  • Gastrologi og endokrinologi
  • Slag, geriatri og nyresjukdomar
  • Kreft, blodsjukdomar og palliasjon

Visste du dette om Kristiansund?

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleieadministrative/-koordinerande oppgåver
  • Legemiddelhandtering 
  • Stell og pleie 
  • Sjukepleie prosedyrer 
  • Arbeid med kvalitet- og pasientsikkerheit 
  • Rettleiing av studentar og kollegaer 
  • Kontinuerlig forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel, strukturert samt fag- og løysningsorientert 
  • Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Gode turnusordningar
  • Godt fagleg miljø og fagleg utvikling 
  • Eit godt, ungt og dynamisk arbeidsmiljø med mange spennande arbeidsoppgåver
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass 
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar 
  • Medlemsskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attester og vitnemål skannes og lastes opp som vedlegg til din CV.

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester
til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein
skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal
få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og
utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR.
Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har
vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og
rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av
openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du
får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på
laget!


For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Nøkkelord

sykepleier,, fast,, Kristiansund,, medisin

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Elisabeth Jonassen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
71 12 22 86
Følg firma
206 følger dette firmaet

Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N

Annonseinformasjon

FINN-kode 231100944
Sist endret 7. sep. 2021 10:19

Rapporter annonse