Utløpt

Har du lyst å jobbe med eit spennande rettsområde?

Arbeidsgiver
Statsforvalteren i Vestland
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar - verjemål
Frist
27.09.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statsforvaltaren i Vestland
Om stillinga

Utdannings- og verjemålsavdelinga har vel 60 tilsette i tre seksjonar, ein verjemålsseksjon og to utdanningsseksjonar, alle med tilsette både i Leikanger og i Bergen.

Verjemålsseksjonen har i dag 30 tilsette og har ansvar for 7.700 aktive saker. Verjemål er eit breitt og samansett fagfelt, med oppgåver på rettsområda arv- og skifterett, barnerett, forvaltningsrett og sivilprosess, mellom anna.

Vi forvaltar over to milliardar kroner på vegner av barn og vaksne i Vestland fylke, som har søkt og fått oppretta verjemål.

Ei sentral oppgåve er å oppnemne verjer, og å følgje opp verjene slik at dei løyser oppdraget i tråd med føringar og retningsliner. Det betyr at rettleiing og informasjon er ein sentral del av verjemålsseksjonen sine oppgåver. I tillegg kontrollerer vi verjerekneskap, fører tilsyn og handsamar saker og klager.

Som førstelineteneste og lokal verjemålsmyndigheit har vi òg ansvar for å rettleie publikum om verjemålsordninga og dei private alternativa til verjemål. Statsforvaltaren i Vestland fremjar saker for domstolane om fråtaking av rettsleg handleevne og har rett til å vere sjølvprosederande.

Det er ledig ein til to faste stillingar som rådgjevar/seniorrådgjevar i verjemålsseksjonen, med kontorstad Leikanger.


Arbeidsoppgåver
  • Sakshandsaming og rettleiing på verjemålsområdet
  • Informasjonsarbeid og anna utovervend verksemd

Kvalifikasjonar
  • Høgare utdanning innan juss, samfunnsvitskap, økonomi eller anna relevant utdanning, fortrinnsvis på masternivå
  • Erfaring frå sakshandsaming og offentleg forvaltning
  • Kunnskap om verjemålsordninga
  • Erfaring frå skriftleg og munnleg formidlingsarbeid

For tilsetjing som seniorrådgjevar krev vi lang og relevant erfaring, og god innsikt i offentleg forvaltning.


Personlege eigenskapar

Vi ønskjer deg som er samfunnsengasjert og likar tverrfagleg samarbeid. I vurderinga av kandidatane vil det bli lagt særleg vekt på samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter. Det blir og lagt vekt på evne til å fullføre enkeltoppgåver og planlegge for arbeidsprosessar.


Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid

Vilkår:

Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 510 000- til 610 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.      

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet er IA-verksemd, og vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.

Nærare opplysningar om stillinga får du av:

  • seksjonsleiar Pia Davanger Angel, tlf. 55 57 23 76 eller mobil 992 64 047
  • fungerande ass. seksjonsleiar Kristine T. Hansen, tlf. 55 57 20 63 eller mobil 993 54 459

Om arbeidsgiveren

Statsforvaltaren er statens representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Statsforvaltaren skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter.

Statsforvaltaren i Vestland har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde - med hovudsete i Leikanger.

Sektor
Offentlig
Sted
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist,
Saksbehandler,
Samfunnsviter
Følg firma
379 følger dette firmaet

Njøsavegen 2, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 231075753
Sist endret 7. sep. 2021 09:00

Rapporter annonse