Utløpt

Erfaren rådgjevar næringsliv, politikk og kommunikasjon

Arbeidsgiver
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Stillingstittel
Politisk rådgjevar
Frist
19.09.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

Brenn du for næringslivet i Vestland, og ønskjer å bidra til gode rammevilkår som sikrar vekst og sysselsetting? Då har du ein unik moglegheit akkurat no. NHO Vestlandet søker etter ein erfaren politisk rådgjevar som skal jobbe for auka verdiskaping, høgare omstillingsevne og styrka kompetanse i eit framtidsretta, grønare næringsliv.

Du vil jobbe i skjeringspunktet mellom næringsliv, politikk og kommunikasjon. Hjå oss  vil du vere i tett kontakt med medlemsbedrifter, politikarar og offentlege myndigheiter, og ha ei sentral rolle i arbeidet med å auke gjennomslagskrafta for NHO sine prioriterte saker.

Vi søkjer deg som gjennom solid arbeidserfaring veit kva som krevst for å få politiske gjennomslag. Du trivs med eit høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver, og forstår at det står eit heilt team bak ein suksess.

I NHO Vestlandet vil du høyre til i eit kunnskapsrikt og profesjonelt miljø med utstrekt fagleg samarbeid med andre einingar i NHO-fellesskapet. Arbeidsmiljøet er prega av høgt tempo, godt samarbeid, mykje sjølvstendig ansvar og gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.

Arbeidsstad vil vere ved regionkontoret i Florø. Alternativ arbeidsstad i Vestland fylke kan vurderast for rett kandidat. 


Arbeidsoppgåver:

  • Fremje næringslivet sine interesser i regionen
  • Ha utstrekt kontakt med politikarar og andre avgjerdstakarar på kommunalt og regionalt nivå
  • Iverksette strategi og handlingsplanar for politisk gjennomslag
  • Medieovervaking og analyse av mediemogelegheiter, samt jobbe fram bodskap, talepunkt, kronikkar og presentasjonar
  • Tett dialog med bedriftsleiarar
  • Systematisk bidra til gjennomføring av NHO sin næringslivspolitikk
  • Utvikle og planlegge små og store konferansar, politiske møter, og andre aktivitetar i regionen i tett samarbeid med fleire.
  • Jobbe for fleire og meir fornøgde medlemmar
  • Reiseverksemd må påreknast

 

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning
  • Solid arbeidserfaring, gjerne frå kommunikasjon/media, og/eller næringslivet.
  • God kjennskap til politiske prosessar, politisk påverknadsarbeid, næringspolitikk og mediehandtering
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg
  • Kunnskap om samferdselspolitikk og grøn omstilling vil være ein fordel
  • Førarkort

 

Personlege eigenskapar:

  • Mål- og resultatorientert med stor gjennomføringsevne
  • Samarbeidande lagspelar
  • Sjølvgåande og proaktiv – tek initiativ
  • Strategisk sterk
  • Relasjonsorientert og nettverksbyggar
  • Fleksibel og løysingsorientert og villig til å bidra der det trengs 


Om arbeidsgiveren

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) er den største interesseorganisasjonen for bedrifter i Norge. NHO jobbar for at medlemmane får arbeidsvilkår og utviklingsmogelegheiter som styrker næringslivet si konkurransekraft og lønsemd, som igjen gir grunnlag for ein god leve- og livsstandard i eit økonomisk sunt og vekstkraftig samfunn.

NHO Vestlandet har omlag 3500 medlemsbedrifter og åtte tilsette, og er lokalisert sentralt i Bergen sentrum og i Florø. Vår kontorstad i Florø er Peak Florø. Regionkontoret driv opinionsskapande arbeid i tett dialog med medlemsbedriftene og NHO-sentralt. Målet er å sikre gode rammevilkår og føreseielegheit slik at medlemsbedriftene og næringslivet som heilskap kan skape jobbar og verdiar.

Vestland har et samansett og variert næringsliv som består av både små og mellomstore bedrifter, men også av større konsern. Regionen er ein av våre viktigaste eksportregionar og har eit internasjonalt orientert næringsliv.

Sektor
Privat
Sted
Strandgata 52, 6900 Florø
Bransje
Arbeidstaker- og arbeidsgiverorganisasjoner,
Konsulent og rådgivning,
PR, informasjon og kommunikasjon
Stillingsfunksjon
PR og informasjon,
Rådgivning,
Samfunnsviter

Nøkkelord

Politikk, Kommunikasjon, Næringsliv, Samfunnskontakt, Myndighetskontakt

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helene Frihammer
Stillingstittel
Regiondirektør
Mobil
99 08 77 00
Kontaktperson
Signe Loftesnes
Stillingstittel
Senior HR-rådgiver
Mobil
41 04 21 52
Følg firma
741 følger dette firmaet

Strandgata 52, 6900 Florø

Annonseinformasjon

FINN-kode 230222580
Sist endret 11. okt. 2021 12:52

Rapporter annonse