Utløpt

Rådgjevar skoleskyss

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar skoleskyss
Frist
09.09.2021
Ansettelsesform
Fast

Vil du arbeide med skoleskyss til elever i Vestland? Skyss arbeider for eit best mogleg kollektivtilbod i fylket. Vi planlegg og marknadsfører kollektivtransporttenester for buss, bybane, båt og ferje. Vi sørger også for transport til rundt 27 000 elevar i Vestland som av ulike grunnar har rett på fri skoleskyss. Vårt arbeid påverker kvardagen til mange menneske og vi har stor respekt for oppgåva. No treng vi fleire med på laget!

Vi skal rekruttere ein rådgjevar til å styrke vårt arbeid med skoleskyssen. I arbeidet inngår vurderingar av kven som har rett til fri skoleskyss, og å sørge for transporten. Vi har mykje kontakt med kommunar, skolar, transportselskap, foreldre og elevar, og vil heile tida utvikle og forbetre våre tenester. Vi treng ein medarbeidar som kan styrke og bidra til utvikling av vårt arbeid med skoleskyssen.

Arbeidsstad er Bergen eller Leikanger. Skyss i Bergen er midlertidig lokalisert på Sandsli i påvente av nye lokaler i sentrum som etter planen skal stå klare i februar 2023.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet med skoleskyss følger eit årshjul med ulike oppgåver knytt til skoleåret. Viktige oppgåver for faggruppa er:

  • Handsaming av søknadar om skoleskyss (vedtak etter forvaltningslova) og klagar
  • Dialog med skolane om transporttilbodet, retningslinjer og fristar
  • Dialog med kommunane
  • Førstelinjekontakt med brukarar (skolar, foreldre, elevar)
  • Utarbeiding av transportbestillingar til transportselskapa
  • Oppfølging av kontraktar med transportselskapa og deira leveransar 
  • Forbetring og utvikling av tenestene, arbeidsprosessar og system

Oppgåver for rådgjevaren vil kunne vere knytt til alle desse punkta.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå eller tilsvarande frå relevante fagområde, t.d. jus,
    økonomi, samferdsel eller samfunnsvitskaplege fag
  • God skriftleg framstillingsevne på nynorsk
  • Erfaring og/eller kjennskap til offentleg forvalting/sakshandsaming er ein fordel
  • Erfaring og/eller kjennskap til relevant lovverk som opplæringslova og forvaltningslova er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Evne til å setje seg raskt inn i komplekse problemstillingar, og utforme løysingsalternativ
  • Strukturert og ryddig arbeidsform
  • Evne til å jobbe målbevisst og sjølvstendig – levere som avtalt
  • Samarbeidsevne, vilje og evne til å dele kunnskap og involvere andre

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad 
  • Eit engasjert og utviklingsorientert arbeidsmiljø med hyggjelege kollegaer 
  • Moglegheit for å utvikle seg fagleg
  • Gode og stabile arbeidstilhøve gjennom Vestland fylkeskommune
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Lønn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår 
  • Arbeidsstad Bergen eller Leikanger




Om arbeidsgiveren

Skyss utviklar framtidas reiseoppleving, og skal tilby attraktiv mobilitet og bidra til berekraftige byar og bygder i Vestland. Skyss har som mål å gje den enkelte moglegheit for å reise berekraftig frå der du er til dit du skal. Dette gjer dei ved å utvikle og tilby kollektiv- og mobilitetstenester. I dag omfattar det buss, bybane, ferje og båt i heile Vestland fylke.  Skyss sitt arbeidsfelt vil gå igjennom store endringar i åra som kjem. Vi arbeider aktivt med bidrag til å nå klimamåla i Parisavtalen, og gjennomgår ein forretningsmessig og digital transformasjon som gjev moglegheiter for å sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få til dette må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og framtidas mobilitetstilbod. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune med om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.

Sektor
Offentlig
Sted
Sandslivegen 30, 5254 Sandsli
Bransje
Transport og logistikk,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler,
Samfunnsviter,
Jurist

Nøkkelord

Kollektivtransport, skoleskyss, skyss, saksbehandler, rådgiver

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gudrun Einbu
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
99 15 80 84
Kontaktperson
Stine Olsen
Stillingstittel
faggruppeleiar
Følg firma
1075 følger dette firmaet

Sandslivegen 30, 5254 Sandsli

Annonseinformasjon

FINN-kode 229624013
Sist endret 24. aug. 2021 21:15

Rapporter annonse