Utløpt

Vil du vera med å påverka framtidas helse- og omsorgsteneste i Nordhordland?

Arbeidsgiver
Region Nordhordland IKS
Stillingstittel
Koordinator/prosjektleiar
Frist
15.09.2021
Ansettelsesform
Fast

Region Nordhordland Helsehus (RNH) i Knarvik opna 1.mars 2021. Eit moderne bygg som samlar ulike kommunale tenester innan helse, omsorg og oppvekst, spesialisthelsetenester innan somatikk, psykisk helse og rus (Helse Bergen HF, Haraldsplass Diakonale sykehus), og offentlege tannhelsetenester (fylkestannlegen).

Det er knytt forventingar til at RNH, med ei slik samlokalisering av tenester skal bli ein arena for å utvikla og prøva ut nye modellar og metodar som bidrar til å styrkja samarbeidet og samhandlinga mellom samarbeidspartane og andre kompetansemiljø, herunder:

  • leggja til rette for gode og framtidsretta samarbeidsløysingar
  • å styrka samarbeid og involvering av pasient og brukarar i utviklingsarbeidet
  • etablering, organisering og drift av eit felles kunnskapssenter
  • ei styrking av samarbeid mellom tenestene og forsking- og utdanningsmiljø

Det pågår eit prosjekt der ein greiar ut mogeleg samhandling og samarbeid i RNH på tvers av fag- og tenestenivå. Resultatet vil danna grunnlag for ein felles plan for korleis partane med sine tenester vil samarbeida for å nå dei overordna måla med prosjektet.

Region Nordhordland IKS har fått i oppdrag å koordinera og leia arbeidet med oppfølging av planen, og søkjer etter ein ressurs som skal vera med å utvikla framtidas helse- og omsorgsteneste i Region Nordhordland. Me ønskjer ein motivert og engasjert ressursperson som kan vera med å koordinera utviklingsarbeidet. Ressurspersonen må lika å sjå nye moglegheiter, ta ansvar og bidra til å utvikla samarbeidet mellom kommunane, brukarane og spesialisthelsetenesta i regionen. 

Utviklingsarbeidet vil skje i tett samarbeid med samarbeidspartane i prosjektet, brukarrepresentantar, og andre relevante offentlege og private/ideelle aktørar. Det vil vera ei fagleg rapportering til ei styringsgruppe der kommunane, Helse Bergen HF, Haraldsplass DS og fylkestannlegen er representert.


Arbeidsoppgåver

  • Koordinera arbeidet med å følgja opp målsetjinga med samlokaliseringa og bidra til vidareutvikling av samarbeidet mellom ulike tenesteområde, faggrupper og aktuelle pasient-/brukargrupper
  • Bidra til etablering av møteplassar og samarbeid, samhandling og innovasjon mellom samarbeidspartane og andre kompetansemiljø - og til utvikling av samarbeid med forskings- og utdanningsinstansar
  • Sikra medverknad og involvering av alle samarbeidskommunane
  • Koordinera kompetanse-, opplærings- og kursverksemd i Kunnskapssenteret i RNH
  • Koordinera arbeid med felles portal for informasjon og kommunikasjon om fag- og tenesteutvikling
  • Bidra til å fremja søknader om eksternfinansiering av prosjekt på tvers av samarbeidspartane


Organisering/Arbeidsstad:

Arbeidsgjevar vil vera Region Nordhordland IKS, med arbeidsstad i Region Nordhordland Helsehus i Knarvik.


Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på masternivå, særs relevant erfaring kan kompensere noko for manglande utdanningsnivå
  • Relevant erfaring med leiing og koordinering av utviklingsprosjekt
  • Kunnskap om samhandling og samarbeid innan helse- og omsorgstenestene
  • Kjennskap til organisering av tenestene og relevante overordna føringar
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne


Personlege eigenskapar

  • Opptatt av kvalitet i prosess og resultat
  • Evne til koordinering og samarbeid på tvers av organisasjonar
  • Strukturert, initiativrik og evne til å jobbe sjølvstendig og drive prosesser framover
  • Gode kommunikasjonseigenskapar og evne til skape gode relasjonar og samhandling på tvers av organisasjonar


Me tilbyr:

  • 100 % stilling
  • Ein nøkkelrolle i satsinga på samarbeid og utvikling av helse og omsorgstenesta i Region Nordhordland
  • Moglegheit til å arbeida fleksibelt og fagretta med mange målgrupper
  • Spennande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter til fagleg og personleg utvikling
  • Spennande arbeidsplass i det nye og flotte Region Nordhordland Helsehus
  • Fleksibel arbeidstid og gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i KLP.
  • Løn etter avtale


Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Samhandlingskoordinator Region Nordhordland IKS, Anne Hildegunn Færøy, 414 41 208
  • Viseadministrerande direktør Helse Bergen HF, Randi-Luise Møgster, mobil 913 42 978

 

I samsvar med Offentlegheitslova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dei det gjeld vil bli kontakta dersom offentleggjering vert aktuelt.


Søknad og CV må leggjast ved søknadsskjema.

Om arbeidsgiveren

Region Nordhordland IKS er eigd av dei åtte kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal, og er kommunane sitt samarbeidsorgan for felles innsats i regionen.

Region Nordhordland IKS har fått i oppdrag å koordinera og leia utviklingsarbeidet knytt til Region Nordhordland Helsehus, samt bidra til utvikling og etablering av eit felles kunnskapssenter.

Kort og godt om det regionale samarbeidet:

- Me vil styrka livskvaliteten for dei som bur her
- Skapa det gode liv med fritid, arbeid og god helse
- Styrka samhandling mellom regionen og omverda
- Økonomisera med offentleg ressursbruk
- Bidra til god og framtidsretta samfunnsutvikling

Du finn meir informasjon om Region Nordhordland IKS på vår heimeside; www.regionnordhordland.no

Sektor
Offentlig
Sted
Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø
Bransje
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon,
Annet
Stillingsfunksjon
Koordinering,
Prosjektledelse,
Annet

Nøkkelord

Region Nordhordland Helsehus, Prosjektleiar, Utvikling, Samhandling, Koordinering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne Hildegunn Færøy
Stillingstittel
Samhandlingskoordinator/prosjektleiar
Mobil
414 41 208
Kontaktperson
Randi-Luise Møgster
Stillingstittel
Viseadministrerande direktør Helse Bergen HF
Mobil
913 42 978
Følg firma
13 følger dette firmaet

Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 229410144
Sist endret 4. okt. 2021 14:00

Rapporter annonse