Utløpt

Vil du jobbe innan rekneskap og revisjon, samstundes vere nær idylliske omgjevnader? Bli ein del av Deloitte Sogndal!

Arbeidsgiver
Deloitte AS Norway - Audit & Assurance
Stillingstittel
Revisor
Frist
05.09.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Deloitte AS
Vil du utvikle karriera di, og samstundes vere nær idylliske omgjevnader? I fantastiske Sognefjorden har eit av verdas største revisjonsselskap kontor. Der kan du få begge deler

Audit & Assurance er Deloitte sitt største kompetanseområde. Me meinar at revisjon handlar om mykje meir enn berre tal - det handlar om å bevise resultat, løyse utfordringar og skape eit solid grunnlag for fremtida. Utan regionskontora, slik som Sogndal, hadde me ikkje fått til dette. Revisorane i Sogndal byggjer sterke band til lokale verksemder og familiebedrifter, og utfører eit viktig samfunnsoppdrag.

Me treng fleire dyktige kollegaer, og vil gjerne høyre fra deg! Fyrst skal du få lesa litt meir om oss:

Gode utviklingsmulegheiter for nyutdanna

Torbjørn Kjørnes har snart jobba to år ved kontoret i Sogndal. Etter 5 år på NHH i Bergen var han ferdig utdanna siviløkonom, og begynte å leite etter nye mulegheiter. Undervegs i mastergrada hadde han fått meir og meir sansen for rekneskap, og bestemte seg for at dette var noko han ville lære meir om.

– Det var ein kombinasjon av tilfeldigheiter, interesse for rekneskap og eit begynnande ynskje om å flytte heim igjen som gjorde at eg søkte jobb hjå Deloitte i Sogndal. Eg sakna friluftslivet, og innsåg at det faktisk var gode karrieremulegheiter her, fortell sogndølen.

Friluftsmulegheitene Torbjørn refererer til er definitivt unikt for kontoret i Sogndal. Han trekker sjølv fram korleis han på 5 minutter kan vere på fjelltur, 15 minuttar kan stå med skia på beina, og i løpet av 1 time vere på veg inn i Jotunheimen.


Torbjørn Kjørnes nyter nærheita til flotte naturopplevingar.

Etter to år i Deloitte rykker han no opp frå Associate til Senior, og er sjølv imponert over eigen fagleg utvikling dei siste åra. Han meiner storleiken på kontoret har gjort at han har fått mykje tillitt, og pusha seg sjølv litt ekstra.

– Me er eit lite kontor der alle spelar ei viktig rolle. Eg opplever at alle ynskjer å gjere kvarandre gode, og at eg kan spørje absolutt alle om hjelp. Eg kom inn som heilt fersk. No etter to år har eg mykje ansvar og skal vere med på å kurse nytilsette til hausten, det tykkjer eg er skikkelig kult, seier Torbjørn stolt.

Utviklingsmulegheitene kan Director Anne Britt Hjelmeseter stadfeste. Ho framhevar den flate strukturen på kontoret, og trivast i eit miljø der alle nivå jobbar hand i hand for å oppnå gode resultat.  

– Alle må brette opp armane hjå oss. Som nytilsett får du vere med på heile revisjonsprosessen frå start til slutt, og får ei god forståing for kva revisjon handlar om, og kva som skal til for å få eit godt sluttprodukt. Me jobbar tett saman, og eg trur nytilsette hjå oss får ei ekstra god utviklingsmulegheit på grunn av det, fortel ho.

Nære kunderelasjonar og spennande faglege utfordringar

Også Anne Britt lengta ein gong tilbake til det vakre Vestlandet. Etter 7 år i Oslo flytta ho heim att, og fann sin plass i Deloitte Sogndal. Ho meiner ein av dei største skilnadane på å jobbe med revisjon i storbyane og på regionskontora er kontakten med kundane. Kontoret i Sogndal har eit breitt spekter av kundar – små, mellomstore og familiedrevne selskap.

– Me er ein del av lokalmiljøet, og får eit nært forhold til kundane våre. Mindre bedrifter har gjerne ingen eigen økonomi-stab, og me får mulegheita til å bidra som rådgjevarar og sparringspartnarar i tillegg til den lovpålagde revisjonen. Du får vere med på absolutt alt, forklarar ho.

Anne Britt fortel at mange av deira tilleggstenester er tett knytt til områda selskapsrett, omorganisering, skatt og avgift. Dette gjev dei tilsette varierte og spennande arbeidsoppgåver. Der dei treng å bidra med juridisk kunnskap knyttar dei til seg ressursar frå andre Deloittekontor, og jobbar saman som eitt Deloitte .

– Du får alle fordelane av å jobbe i eit stort og internasjonalt selskap, samstundes som du får jobbe lokalt, utvikle sterke kunderelasjonar, lære og ikkje minst jobbe i fantastiske omgjevnader, seier Anne Britt, som ikkje kunne tenke seg å jobbe med noko anna.

Kunne du tenke deg å jobbe saman med Torbjørn, Anne Britt og dei andre på kontoret i Sogndal?

Me søker no både nyutdanna med bachelor eller master i relevante fag, og erfarne som ynskjer å bli ein del av eit arbeidsmiljø bygga på tillitt og samarbeid. Eventuelt manglande formell utdanning kan kompenserast med relevant erfaring. Me ser fram til å motta din søknad!

Søknadsfrist er 31. august, me vurderer søknader fortlaupande. Me lyser ut to stillingar, men det kan bli aktuelt å tilsetje fleire.

Om arbeidsgiveren

Deloitte er en arbeidsplass for fremtiden. Vi er en virksomhet med høyt utdannede mennesker innen mange forskjellige fagfelt som arbeider sammen for å bidra til de beste løsningene for våre kunder. Våre medarbeidere ønsker å være en del av en organisasjon som bidrar til et bærekraftig næringsliv og samfunn; og utgjøre en forskjell. Vi er verdens største leverandør av profesjonelle tjenester innen revisjon, rådgivning og advokattjenester med ca. 1500 medarbeidere i Norge. Deloitte er en internasjonal organisasjon med mer enn 330 000 medarbeidere i over 150 land.

Nettverk
Facebook, LinkedIn, X
Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
?Gravensteinsgata 19?, 6856 Sogndal
Bransje
Bank, finans og forsikring,
Konsulent og rådgivning,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Revisjon,
Økonomi og regnskap / Regnskap,
Revisjon og kontroll
Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jeanett Ommundsen
Stillingstittel
Senior Consultant | People & Purpose
Telefon
45 26 26 25
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Anne Britt Hjelmeseter
Stillingstittel
Director
Telefon
47 40 90 01
Følg firma
1717 følger dette firmaet

?Gravensteinsgata 19?, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 228873763
Sist endret 29. okt. 2021 10:09

Rapporter annonse