Utløpt

Rådgjevar - engasjement fornybar energi

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar - engasjement fornybar energi
Frist
05.09.2021
Ansettelsesform
Engasjement

 

Avdeling for innovasjon og næringsutvikling lyser ut eit engasjement som prosjektleiar for å utarbeide regional plan for fornybar energi.  Planarbeidet startar opp hausten 2021 og er venta ferdig tidlegast hausten 2022. Regional plan for fornybar energi skal fastsette mål og ambisjonsnivå for utbygging og distribusjon av fornybar energi i Vestland. Når denne blir vedteken vil den erstatte dei gamle regionale kraftplanane.

Det er behov for ein person med hovudansvar for planarbeidet, i tillegg til regulær bemanning til driftsoppgåver.  Engasjementet vil samarbeide med annan fagkompetanse på området i fylkeskommunen.

 

Arbeidsoppgåver

Den  viktigaste arbeidsoppgåva vil vere:

  • Prosjektleiar for ein ny regional plan for fornybar energi, i tråd med bestillinga frå Fylkestinget i vedtaket om Utviklingsplan for Vestland.

Under dette:

  • Lage planprogram i samarbeid med prosjektgruppa
  • Leie arbeidet i prosjektgruppa
  • Lage utkast til plan
  • Informere frå planarbeidet og sikre medverknad
  • Bearbeide høyringsfråsegner
  • Førebu politisk handsaming av planen

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • relevant utdanning på mastergradsnivå, gjerne innan energi eller regional planlegging. Geografi, jus, samfunnsplanlegging eller sivilingeniør er døme på anna relevant bakgrunn.
  • kjennskap til klima og grøn vekst.
  • erfaring frå plan- eller prosjektarbeid.

Det er ein føremon med:

  • erfaring frå energiarbeid,  som til dømes frå NVE, kraftselskap, konsulentselskap eller offentleg forvaltning,  eller erfaring med regionale planar.
  • god kjennskap til offentleg verksemd .
  • etablert regionalt og nasjonalt nettverk.
  • sterk interesse for energi og energipolitikk

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og gjennomføringsevner.
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Løysingsorientert, skape resultat saman med andre.
  • Kunne arbeide sjølvstendig, og vere utviklingsorientert.

Vi tilbyr

  • motiverande og stimulerande arbeidsmiljø.
  • interessante og viktige oppgåver.
  • arbeidsmiljø med høgt kvalifiserte fagfolk
  • arbeid som gir resultat og samfunnsnytte
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar  
  • løn etter avtale.
  • fleksibel arbeidstid
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Andre opplysningar

  • Dersom du har spørsmål, ta gjerne ein prat med kontaktperson.
  • Arbeidsstad i fylkeshuset på Sandsli i Bergen.
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

 

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse

Nøkkelord

energi,, fornybar,, prosjektleiing,

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sølve Dag Sondbø
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
90 07 53 25
Følg firma
1075 følger dette firmaet

Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli

Annonseinformasjon

FINN-kode 228599531
Sist endret 1. sep. 2021 14:25

Rapporter annonse