Utløpt

To stipendiatstillingar ved Institutt for klinisk psykologi

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
To stipendiatstillingar ved Institutt for klinisk psykologi
Frist
01.10.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Universitetet i Bergen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY (https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY)


Stipendiat

Institutt for klinisk psykologi, Det psykologiske fakultetet, har ledig to stillingar som stipendiatar (100 %)  Stillingane er for ein åremålsperiode på fire år, med 25 % pliktarbeid. 


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Instituttet vil nytte universitetsstipendiatstillingane til å styrke pågåande forskingsfelt  i regi av våre forskingsgrupper, med hovudrettleiar tilsett ved Institutt for klinisk psykologi.

Institutt for klinisk psykolog har to forskingsgrupper og de fleste av våre tilsette er knytt til ein av desse gruppene.

Forskningsgruppe for klinisk psykologi (https://www.uib.no/fg/fkp)
Bergen Research Group for Innovation, Growth, Health and Technology (https://www.uib.no/fg/bright) (BRIGHT)

Forskingsprosjektet som kandidaten skal gjennomføre må utviklast og gjennomførast i samråd med rettleiar(ar) ved instituttet. Vil  du søkja på stillinga, må du ta kontakt med potensiell rettleiar eller forskingsgruppe og utvikle ei prosjektskisse. Lenke til mal for prosjektskisse finn du her. (http://http://vedlegg.uib.no/?id=471e010266956dd390e291ab0038c8a2)

Tilsetting som stipendiat skjer på grunnlag av tidlegare utdanning og tidlegare vitskapelege arbeid, samt kvalitet og relevans på idé og planar for forskingsprosjekt. Sjølve forskingsprosjektet som kandidaten søker om, vil oftast bli vidareutvikla i samråd med den aktuelle forskingsgruppa og rettleiarar.


 Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha ein mastergrad i psykologi eller cand.psychol-grad, eller ha sluttført tilsvarande kvalifikasjonar.
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga.
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg.
  • Undervisningserfaring er ein fordel.
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Den som blir tilsett blir tatt opp i fakultetet si forskarutdanning. 

Nærare om forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet her. (https://www.uib.no/psyfa/43601/forskerutdanning-ved-det-psykologiske-fakultet)


Vi tilbyr:
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 482 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Søknaden skal innehalde:
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Prosjektskisse (maks 10 sider inkl. referansar, Times New Roman, skriftstorleik 12)
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar, masteroppgåve m.m.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjarar må i tillegglegge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå dei nordiske landa kan bli automatisk godkjent, sjå NOKUT. (https://www.nokut.no/)


Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Reidar Jakobsen, Institutt for klinisk psykologi, +47 55 58 86 88, e-post: Reidar.Jakobsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.  

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5 (https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5)


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgate 13, 5015 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor
Følg firma
751 følger dette firmaet

Christiesgate 13, 5015 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 228302221
Sist endret 14. aug. 2021 00:00

Rapporter annonse