Utløpt

Forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane søkjer koordinator

Arbeidsgiver
FORUM FOR NATUR OG FRILUFTSLIV (FNF)
Stillingstittel
Koordinator
Frist
29.08.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med FORUM FOR NATUR OG FRILUFTSLIV (FNF)

Vil du koordinere arbeidet med å fremje natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane?

Forum for natur og friluftsliv (FNF) har ledig fast 100% stilling.

FNF er eit samarbeidsforum for natur- og friluftslivsorganisasjonar på fylkesnivå. Føremålet er å styrkje arbeidet med natur- og friluftslivsfaglege saker hjå dei tilslutta organisasjonane.

Koordinatoren vert tilsett av FNF nasjonalt og rapporterer til styret i FNF Sogn og Fjordane som gjev føringar og faglege prioriteringar for arbeidet.

 

Arbeidsoppgåver

  • Støtte FNF sine tilslutta natur- og friluftslivsorganisasjonar i arbeidet med å ta vare på natur- og friluftslivsinteressene i aktuelle saker i Sogn og Fjordane
  • Påverke i plan- og saksprosessar. Ein vesentleg del av arbeidet er å skrive og hjelpe dei tilslutta organisasjonane med høyringsfråsegn og å påverke planprosessar på vegne av organisasjonane
  • Koordinere utspel i dei aktuelle sakene
  • Sette naturverdiar og friluftsliv på sakskartet i samfunnet
  • Ha god kontakt med myndigheitene og byggje gode nettverk mellom organisasjonane, med politikarar og andre relevante aktørar
  • Byggje kompetanse i organisasjonane
  • Administrativt ansvar for FNF i fylket, vere sekretær for styret og årsmøtet

Ønska kvalifikasjonar

  • Natur- og friluftslivsfagleg utdanning frå høgskule/universitet eller anna relevant høgare utdanning, som juridisk eller samfunnsvitskapeleg. Spesialisering innan naturforvalting eller plan er særleg relevant.
  • Erfaring innan arealplanlegging, naturforvalting, biologi, friluftsliv, frivillige organisasjonar eller myndigheitskontakt er ein fordel.
  • Interesse for natur og friluftsliv, biologi, økologi eller naturmangfald.
  • Kjennskap til organisasjonane og fylket.
  • God evne til skriftleg og munnleg framstilling.

Personlege ferdigheiter og eigenskapar

  • Ha gode samarbeidsevner og kunne vere løysingsorientert og samlande.
  • Kunne skape tillit hjå organisasjonane i forumet, hjå myndigheiter og andre aktørar.
  • Kunne arbeide sjølvstendig, ta ansvar, være strukturert og syne initiativ.
  • Entusiastisk og engasjert.

Vi kan tilby

  • Særleg uavhengig stilling med stor fleksibilitet
  • Gode forsikringar og sosiale ordningar
  • Løn etter avtale
  • Eit spennande og meiningsfullt oppdrag
  • Ein utviklande og variert jobb kor ein lærar mykje
  • Gode kollegaer over heile landet

 

Stillinga er no er lokalisert i kontorfelleskap på Leikanger. Vi er fleksible og opne for andre lokaliseringar innanfor gamle Sogn og Fjordane fylke, tilpassa behova til koordinatoren og organisasjonane. Koordinatoren inngår i et fellesskap av koordinatorar landet over. 

Last opp CV og søknadsbrev i .pdf eller liknande format.

Om arbeidsgiveren

FNF er et samarbeidsforum for natur- og friluftslivsorganisasjonar på fylkesnivå. Føremålet er å styrkje dei tilslutta organisasjonane sitt arbeid med natur- og friluftslivsfaglege saker.

FNF er stifta av Norsk Friluftsliv, Den norske Turistforening, Norges Jeger- og Fiskerforbund, Naturvernforbundet og Friluftsrådenes Landsforbund. Eit stort antall natur- og friluftslivsorganisasjonar er tilslutta FNF i kvart fylke. FNF er nyleg sertifisert som ein god arbeidsplass av "Great Place to Work".

Sektor
Organisasjoner
Sted
Sognefjordvegen 40, 6863 Leikanger
Bransje
Ideelle organisasjoner,
Konsulent og rådgivning,
Organisasjoner
Stillingsfunksjon
Biolog,
Koordinering,
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ole Lilleås
Mobil
415 06 236
Kontaktperson
Alf Erik Røyrvik
Stillingstittel
Styreleiar FNF Sogn og Fjordane
Mobil
958 89 475
Følg firma
59 følger dette firmaet

Sognefjordvegen 40, 6863 Leikanger

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 227148663
Sist endret 15. sep. 2021 15:12

Rapporter annonse