Utløpt

Vil du bidra i utviklinga av eit moderne intranett og god intern kommunikasjon på digitale flater? Vi har ei spanande stilling ledig i kommunikasjonsstaben

Arbeidsgiver
Finanstilsynet
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgivar (rådgivar/seniorrådgivar), ref.nr. 21/26
Frist
23.08.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Finanstilsynet

Er du skriveglad og velformulert? Vil du vere ein pådrivar for utviklinga av eit informativt og samlande intranett? Trivst du godt saman med spesialistar i eit godt og engasjerande fagmiljø? Då passar du kanskje hos oss!

Vi har ei spanande stilling ledig i kommunikasjonsstaben vår, der vi er åtte engasjerte medarbeidarar som arbeider tett saman. Vi dekker mellom anna handtering av spørsmål frå pressa, utvikling av funksjonalitet og innhald på nettstaden, språkrøkt, visuell profil og omsetting til engelsk.

Du vil i hovudsak arbeide med internkommunikasjon, og du vil få eit særleg ansvar for innhaldet på intranettet vårt. Det er forventa at du tar initiativ til saker, at du skriv sjølv og at du legg til rette for at anna stoff blir presentert på ein god måte. Vi er i ei omstilling når det gjeld interne kommunikasjonskanalar og har byrja å bruke Microsoft 365 som plattform, mellom anna med Sharepoint. Vi har òg ambisjonar om å flytte det eksisterande intranettet vårt (Episerver) til Sharepoint, og utvikle dette som samhandlingsplattform. Du vil bli involvert i denne utviklinga.

Du vil arbeide spesielt nært med nokre kollegaer i kommunikasjonsstaben i ei faggruppe for nett, som famnar både intranettet og den eksterne nettstaden. Samstundes vil du også jobbe nært med eininga som har ansvar for personal og organisasjonsutvikling. For å utvikle gode løysingar for brukarane er det viktig også å samarbeide breitt elles i verksemda, på tvers av bakgrunn og fagfelt.

Det kan til tider vere stor variasjon i arbeidsoppgåvene og det kan vere behov for å arbeide utover normal arbeidstid. Som dei andre i kommunikasjonsstaben, vil du både skrive og publisere på den eksterne nettstaden. Du vil òg vere med i pressevaktordninga, som er ei rotasjonsordning med beredskap for å handtere spørsmål frå pressa utanfor normal arbeidstid. Stillinga kan også bli tillagt andre arbeidsoppgåver. 

Kvalifikasjonar

Du må

  • kunne uttrykke deg svært godt på norsk, både skriftleg og munnleg
  • ha relevant utdanning på bachelor- eller masternivå, med gode resultat
  • ha minimum tre års relevant erfaring, til dømes med innhaldsproduksjon for intranett, innføring av nye løysingar for internkommunikasjon i ei verksemd, strategisk utvikling av intranett, eller særleg relevant erfaring frå Finanstilsynets fagområde
  • ha god digital kompetanse, helst også kjenne Microsoft 365 sine kommunikasjonsverktøy med mellom anna Sharepoint 

Det er ein fordel om du også er fortruleg med nokre av desse oppgåvene:

  • klarspråk
  • drive opplæring / halde presentasjonar
  • prosjektarbeid/prosjektleiing
  • visuell kommunikasjon 

Personlige egenskaper

Vi ser etter deg som vil passe godt inn hos oss. Det vil bli lagt stor vekt på at du er motivert og er personleg eigna. Vi ser etter deg som

  • arbeider godt saman med andre og er tillitsbyggande
  • tar eigne initiativ, følger prosessar og gjennomfører med god kvalitet
  • er strukturert, sjølv i ein hektisk kvardag med mange ulike oppgåver
  • er samfunnsinteressert og har vilje og evne til å sette deg inn i kompliserte saker. Vi har eit viktig samfunnsoppdrag og i arbeidet med internkommunikasjon er det forventa at du set deg inn i og kan forstå det fagstoffet vi forvaltar, særleg knytta til tilsyn og utvikling av regelverk. 

Vi tilbyr

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike kollegaer
  • Gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk
  • Fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode treningsfasilitetar og moglegheit for trening i arbeidstida
  • Tilsetting og lønn etter avtale
  • Avhengig av kvalifikasjonar og erfaring kan det vere aktuelt å nytte ein av dei interne arbeidstitlane tilsynsrådgivar eller senior tilsynsrådgivar

Anna

  • Du må legge ved vitnemål og karakterar frå vidaregåande skole og all høgare utdanning saman med søknaden
  • Vi utfører bakgrunnssjekk av vedkommande som blir tilsett i stillinga
  • Dei tilsette i Finanstilsynet må følge strenge etiske retningslinjer, sjå https://www.finanstilsynet.no/om-finanstilsynet/etiske-retningslinjer/
  • Finanstilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hol i CV. Dersom det er mogleg, vil vi legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. For positiv særbehandling sjå: http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
  • Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste, jf. offentlighetslova § 25. For meir informasjon om Finanstilsynet, sjå www.finanstilsynet.no

Om arbeidsgiveren


Finanstilsynet
arbeider for at finansføretak og finansmarknader fungerer trygt og
effektivt til det beste for samfunnet og brukarane av finansielle
tenester. Vi har om lag 300 tilsette og held til i moderne lokale i Oslo
sentrum.

Sektor
Offentlig
Sted
Revierstredet 3, 0151 Oslo
Bransje
Bank, finans og forsikring,
Offentlig administrasjon,
PR, informasjon og kommunikasjon
Stillingsfunksjon
PR og informasjon

Nøkkelord

kommunikasjon, intranett, finans, innholdsproduksjon, internkommunikasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lisbeth Strand
Stillingstittel
Kommunikasjonsdirektør
Telefon
22 93 99 49
Følg firma
722 følger dette firmaet

Revierstredet 3, 0151 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 226934893
Sist endret 2. aug. 2021 18:39

Rapporter annonse