Utløpt

Vil du jobbe med internasjonale kultursaker i Kulturdepartementet?

Arbeidsgiver
Kulturdepartementet
Stillingstittel
Seniorrådgivar til seksjon for juridiske og internasjonale saker
Frist
15.08.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kulturdepartementet
Om stillinga

Seniorrådgjevar med ansvar for det nordiske samarbeidet i Kulturdepartementet. 

Vi har ei ledig fast stilling som seniorrådgjevar i avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker.

Stillinga inngår i seksjon for juridiske og internasjonale saker.

Seksjonen har ansvar for internasjonale oppgåver på kulturområdet og likestillingsområdet. Seksjonen koordinerer internasjonale oppgåver knytt til EU/EØS-området, Nordområdesatsinga, FN (medrekna Unesco), Europarådet, Nordisk ministerråd og OECD. Seksjonen har også ansvar for dei juridiske oppgåvene i avdelinga, særleg oppgåver innanfor diskrimineringsrett.


Arbeidsoppgåver

Gjennom Nordisk Ministerråd deltek Noreg i eit fasttømra samarbeid med dei fire andre nordiske landa, Danmark, Finland, Island, og Sverige, og dei tre sjølvstyrte områda, Grønland, Færøyane og Åland. Kulturdepartementet har ansvar for to fagområde: Ministerrådet for likestilling og lgbti (MR-JÄM) og Ministerrådet for kultur (MR-K). I 2022 har Norge ordførerskap i Nordisk Ministerråd.

Som ansatt hos oss vil du få hovudansvaret for koordineringa av det nordiske samarbeidet i Kulturdepartementet med hovudvekt på kulturfeltet. Du vil samarbeide tett med kollegaer som har ansvaret for Ministerrådet for likestilling og bredt med kollegaer internt og i andre departement. Utenriksdepartementet er ein viktig samarbeidspart.

Du vil også få ansvar for sakshandsaming og løpande oppfølgjing av saker og oppdrag innanfor bredda av seksjonens ansvarsområde, og du vil være del av eit team som ivaretek det internasjonale arbeidsfeltet i Kulturdepartementet.

Andre sentrale oppgåver vil vere å

  • sikre ei god og fagleg koordinert ivaretaking av dei internasjonale oppgåvene på kulturfeltet
  • følgje opp ulike løpande saker på det internasjonale kulturfeltet, mellom anna henvendingar som kjem til politisk leiing
  • delta i/gi bidrag til avdelinga sitt budsjettarbeid på aktuelle område

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • relevant utdanning på master- eller hovudfagsnivå
  • minst fem års relevant yrkeserfaring
  • god skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode kunnskapar om og interesse for kulturpolitikk og kulturfeltet i Noreg og internasjonalt
  • evne til å koordinere og leie arbeidsoppdrag

Det er ønskelig at du har

  • erfaring frå internasjonale organisasjonar, i framste rekke med kultur
  • erfaring frå departement

Personlege egenskapar

Vi ser etter deg som har

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og evne til å jobbe saman med andre i team for å oppnå resultat
  • Gode analytiske evner
  • Høg arbeidskapasitet og stor gjennomføringsevne
  • Evne til fleksibilitet og til å jobbe sjølvstendig

Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv for å bidra til at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.


Vi tilbyr

Kulturdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø. Vi tilbyr utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. I Kulturdepartementet får du brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing har du høve til å halde deg fagleg oppdatert.

Vi held til i hyggjelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse.

Løna er frå kr 550 000  til kr 710 000 i året, avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt.


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne, hol i cv-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla, må søkjaren oppfylle nokre krav.

Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).  

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i cv-en eller innvandrarbakgrunn. Kryssa i jobbsøkjarportalen dannar grunnlaget for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder skal ha med i årsrapportane sine. 

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.


Offentleg søkjarliste og kontakt

Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med ekspedisjonssjef Elisabeth Lier Haugseth på tlf. 959 97 896 eller e-post: Elisabeth-Lier.Haugseth@kud.dep.no.  


Om avdelinga og seksjonen

Avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker har sektor- og koordineringsansvar på politikkområda likestilling og diskriminering, og ansvar for å følgje opp internasjonale konvensjonar og internasjonalt arbeid på området. Avdelinga har i tillegg ansvar for regelverk på likestillings- og diskrimineringsområdet, kulturelt mangfald og generelle internasjonale kultursaker.

Ansvaret for styringa av Diskrimineringsnemnda, Likestillings- og diskrimineringsombodet og likestillingsoppgåvene i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet ligg til avdelinga.

Avdelinga arbeider med eit breitt spekter av verkemiddel innanfor politikkområda, med hovudvekt på lov- og politikkutvikling, tilskotsordningar, strategiar og handlingsplanar, forskings- og utviklingsarbeid (FoU) og styring av underliggjande verksemder. Avdelinga deltek i internasjonalt arbeid på det likestillingspolitiske og kulturpolitiske området i forum som FN, EU/EØS, Europarådet, Nordisk ministerråd og OECD.


Om arbeidsgiveren

Kulturdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, medium, idrett, frivillig verksemd, likestilling og diskriminering. Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. 

Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.

Sektor
Offentlig
Sted
Grubbegata 1, 0179 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist,
Saksbehandler
Følg firma
882 følger dette firmaet

Grubbegata 1, 0179 Oslo

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 226851096
Sist endret 2. aug. 2021 00:00

Rapporter annonse