Utløpt

Intensivsjukepleiar 100% fast i tredelt turnus

Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Stillingstittel
intensivsjukepleiar
Frist
15.08.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Fonna HF

Felles intensiv ved Stord sjukehus har ledig 100% fast stilling   som  intensivsjukepleiar, tredelt turnus.
Felles intensiv er ei eining som behandlar medisinske og kirurgiske overvakings-/intensivpasientar. Det er også ei dialyseeining i avdelinga.

 Ved intern tilsetting kan andre stillingsstørrelsar bli ledige. Oppgi i søknad om dette er av interesse eller om ein ynskjer å nytta fortrinnsrett til stillinga.

 

Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging
  • Sjukepleie til akutt og kritisk sjuke pasientar som treng intensiv/intermediær behandling, overvåkning og pleie
  • Sjukepleie til nyopererte pasientar, hovudsakleg gynekologiske, ortopediske og gastrokirurgiske pasientar
  • Ivaretakelse av pårørande
  • Døgnkontinuerleg telemetriovervåkning for heile sjukehuset
  • Sjukepleie til pasientar med intermitterande dialyse behandling HD/HDF dialyse behandling  fresenius 5008  
  • Akuttberedskap ved hjartestans, hjerneslag og dårleg barn/nyfødt
  • Respiratorbehandling (Evita XL)
  • Maskebehandling (BiPAP/CPAP)
  • Veiledning av sjukepleiarstudentar i kirurgisk praksis og intensivsjukepleiarstudentar
     

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Intensivsjukepleiar
  • Sjukepleiar med minimum 2 års relevant erfaring kan også søke, og ønske om å ta vidareutdanning innan intensiv sjukepleie
  • Beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Utadvent
  • Pasientorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Ha respekt for den enkelte pasient
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Like varierte utfordringar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Internundervisning kvar veke
  • Oppfølging av fagutviklingssjukepleiar
  • Fadderordning for nyansatte
  • MTU-sertifisering
  • 2 fagdagar i turnus
  • Kalenderplan med arbeid 3. kvar helg 
  • Dersom ønske om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren



Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.


Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.



 

Sektor
Offentlig
Sted
Tysevegen 64, 5416 Stord
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Intensiv

Nøkkelord

intensivsykepleier, fast, helse, sykehus

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Agata Kapuscinska
Stillingstittel
Funksjonsleiar
Telefon
53 49 11 37
Kontaktperson
Sunniva Austlid
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
900 96 097
Følg firma
112 følger dette firmaet

Tysevegen 64, 5416 Stord

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 226319460
Sist endret 28. jul. 2021 14:42

Rapporter annonse