Utløpt

Avdelingsingeniør

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Avdelingsingeniør
Frist
15.08.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Medisinsk-teknisk avdeling (MTA) leverer tenester innan medisinsk teknologi og informatikk til heile Helse Bergen. Avdelinga er inndelt i 7 seksjonar og har 75 tilsette. Vi forvaltar ein utstyrspark på om lag 40 000 einingar, verd over 2 milliardar kroner. Vi tar hand om utstyret gjennom heile prosessen frå anskaffing til avhending, og våre tilsette held ved lag ein høg kompetanse gjennom generell og utstyrsspesifikk opplæring. Medisinsk-teknisk avdeling arbeider for å trygge pasientar og brukarar gjennom gode rutinar for vedlikehald og tett samarbeid med klinikkane. Vi tar del i ulike aktivitetar innan forsking, utvikling og innovasjon. Avdelinga har òg ansvar for utstyr til heimebehandling av pasientar, og logistikken rundt dette. Medisinsk-teknisk avdeling er ein del av Drift/teknisk divisjon.

Ved seksjon for nevrologi og audiologi er det ledig eit vikariat i 18 månader innan fagområdet medisinsk teknikk og medisinske IKT-system frå 1. september eller etter avtale. 

Arbeidsoppgåver

Mesteparten av det medisinske utstyret som seksjonen har ansvaret for er PC-basert og inngår i ulike IKT-system. Forvalting og vedlikehald av utstyret omfattar til dømes:

  • mottakskontroll og risikovurdering
  • konfigurering og optimalisering av testprotokollar
  • tilkopling til IKT-system
  • feilsøking og vedlikehald av både utstyr og programvare
  • systematisk kontroll, kvalitetssikring og dokumentasjon
  • brukarstøtte

I arbeidsoppgåvene kan det også inngå deltaking i ulike tverrfaglege arbeidsgrupper for:

  • innkjøp av medisinsk utstyr
  • opplæring av brukarar
  • utarbeiding av rutinar og dokumentasjon
  • vurdering av behandlingstilbod til pasientar
  • pasientretta arbeid 

Kvalifikasjonar

  • Bachelorgrad eller tilsvarande innan automasjon, kybernetikk eller elektronikk

Det er ønskjeleg med erfaring/kunnskap innan nokre av desse områda:

  • vedlikehald av medisinsk utstyr
  • drift av server/PC i nettverk
  • digital signalanalyse
  • akustikk

Språk:

  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Må meistre engelsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer

Vi tilbyr

  • Ein spennande, variert og utfordrande jobb
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Opplæring og kursing
  • Fleksibel arbeidstid
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ingeniør

Nøkkelord

Medisinsk-teknisk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjell Magne Nupen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 26 46
Følg firma
1301 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 226313567
Sist endret 28. jul. 2021 14:01

Rapporter annonse