Utløpt

Studiesjukepleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Studiesjukepleier
Frist
15.08.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Fast stilling for studiesjukepleiar med klinisk og studiearbeid i nevrologi
Nevroklinikken har ledig 100% stilling for sjukepleiar. Stillinga er knytta til forskingsoppgåver i forskningssenteret Neuro-SysMed som studiesjukepleiar innafor Parkinson sjukdom. I tillegg vil dei ha oppgåver med klinisk arbeid i Nevroklinikken (døgnpost og poliklinikk). Her deltek ein i oppfølging av pasientar med Parkinson sjukdom og andre nevrologiske sjukdommar. Stillinga gjev høve til vidareutvikling av kompetanse innafor sjukdomsgruppa, og ein får bidra til å utvikle både klinisk forsking og klinisk praksis i team med alle yrkesgrupper ved avdelinga og forskingssenteret. Detaljar rundt tilsettingsforholdet og fordeling av dei ulike arbeidsoppgåvene avgjørast ved tilsetjing. 
Nevroklinikken består av Nevrologisk avdeling, Nevrokirurgisk avdeling, Klinisk Nevrofysiologisk avdeling, Logopetjenesten, og Neuro-SysMed forskningssenteret.

Om Neuro-SysMed
Neuro-SysMed er eit NFR-finansiert forskingssenter for klinisk behandling i nevrologi, med Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen som vertskap. Senteret er leia av professor Kjell-Morten Myhr (ansvarleg for multippel sklerose) og professor Charalampos Tzoulis (ansvarleg for nevrodegenerasjon). Neuro-SysMed gjennomfører grensesprengande klinisk forsking, med ambisjon om å oppdage og prøve ut effektiv behandling for: Parkinsons sjukdom, fleire formar for demens inkludert Alzheimers sjukdom, multippel sklerose (MS) og amyotrofisk lateral sklerose (ALS). At vi kan tiltrekke oss, og behalde, arbeidstakarar med høg kompetanse er ein fundamental føresetnad for vidare suksess i senteret.

Om Nevrologisk avdeling
Nevrologisk avdeling driv akuttbehandling, utgreiing og rehabilitering av nevrologiske lidingar. Avdelinga har ein akuttpost med 30 senger som inneheld slageining, ein dagpost for kompleks utgreiing og poliklinisk oppfølging av visse pasientgrupper, ein rehabiliteringspost for ryggmargsskader og ein poliklinikk. Nevrologisk avdeling legg stor vekt på utvikling av fagkompetanse hos sjukepleiarar. Ein tar del i intern opplæringsplan og får oppgåver som svarar til kompetanse.

Meir informasjon om Neuro-SysMed: https://neuro-sysmed.no/
Parkinson-gruppe: https://neuromics.org/

Om stillinga:

Vi tilbyr ein fantastisk moglegheit for sjukepleiarar med interesse for nevro-fag og fordjuping innan Parkinson sjukdom til å bygge klinisk spisskompetanse og få forskingserfaring, med særs gode moglegheiter for karriereutvikling og vekst.  I Nevrologisk avdeling vil du få arbeide med sjukepleiaroppgåver i døgnpost, poliklinikk, både sjølvstendig og i team, både innanfor Parkinson sjukdom og andre nevrologiske lidingar. Ved Nevro-SysMed vil du delta i planlegging og gjennomføring av kliniske studiar som sikter mot å utvikle og teste biomarkørar og behandlingar for pasientar med Parkinsons sjukdom. Det kan også være aktuelt å bidra i studiar innanfor andre av sjukdommane ved Neuro-SysMed. Du vil jobba saman med ei tverrfaglig gruppe av leger og forskarar med ekspertise på en rekke fagfelt innan nevrovitskap.

         

Arbeidsoppgåver

  • Delta i planlegging og koordinere kliniske studiar, inkludert samordning med andre studiesentre.
  • Gjennomføre kliniske studiar, inkludert utval, rekruttering og undersøking av pasientar og
  • kontrollar, datainnsamling, registrering og så vidare.
  • Sjukepleiaroppgåver i Nevroklinikken. Sjukepleiarstillinger i Nevroklinikken vil som hovudregel også innebere arbeid på helg i døgnpost etter turnus. Dette avtalast individuelt.

Naudsynt kvalifikasjonar, ferdigheiter og erfaring (påkravd):

  • Godkjend norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ønskeleg med erfaring i frå arbeid med parkinson-pasiantar. Evt  anna nevrologisk erfaring
  • Meistre norsk, både skriftleg og munnleg
  • Meistre engelsk, både skriftleg og munnleg

Viktig kunnskap, ferdigheter og erfaring (ønskes)

  • Klinisk erfaring med Parkinsons sjukdom inkludert systematiske kartleggingsverktøy.
  • Erfaring med å jobbe sjølvstendig
  • Være trygg i den vanskelige samtalen
  • Gode kommunikasjonsegenskaper
  • Erfaring med kliniske studiar er eit føremon
  • Erfaringar med koordinering av arbeidsoppgåver i miljø med fleire i team
 

Personlege eigenskapar

 Vi ser etter ein kandidat som:

  • Har ønske og interesse i å jobbe med kliniske studiar innanfor Parkinson sjukdom
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Kan bidra til godt samarbeid og eit godt arbeidsmiljø
  • Er pågåande og har eit ønske om innovasjon og å gjera ein skilnad
  • Er villig til å ta ansvar for prosessar, og følger dei til dei er fullførd
  • Er særs god på å arbeide på eit lag
  • Visar initiativ og har høg arbeidskapasitet
  • Er i stand til å motivere andre og etablere samarbeid på tvers av miljø
  • Er villig til å gjere seg kjend med nye emne og områdar
  • Er god på å arbeide strategisk, strukturert og med sikte på fristar
  • Arbeider sjølvstendig  og er god på problemløysing

Vi tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling i eit sterkt fagleg, internasjonalt og triveleg arbeidsmiljø
  • Spennande jobb-utfordringar, med gode muligheiter for karrierebygging
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i KLP, med pensjonsrettighetar
  • Haukeland universitetssjukehus er ein IA-arbeidsgjevar

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Charalampos Tzoulis
Stillingstittel
Overlege
Telefon
94 39 23 05
Kontaktperson
Laila Kvalvåg
Stillingstittel
Avdelingssjukepleiar
Telefon
55 97 50 41
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 226309442
Sist endret 28. jul. 2021 13:32

Rapporter annonse