Utløpt

Vil du jobbe som kursleiar i eit internasjonalt miljø?

Arbeidsgiver
Norec
Stillingstittel
Kursleiar
Frist
22.08.2021
Ansettelsesform
Fast
Om stillingen

Kursseksjonen består av seks tilsette som tilbyr førebuingskurs og heimkomstseminar til deltakarar i utvekslingsprosjekt. Deltakarane er i aldersgruppa 18-35 år. Vi held også faglege kurs for partnarskapa for å oppnå betre resultat i prosjekta Norec støttar. Ambisjonen vår er å tilby kurs som er innovative, relevante og utfordrande. Etter gjennomført kurs skal deltakarane ha lært noko dei alltid vil hugse og ha nytte av.

Under pandemien har vi gjennomført dei fleste kursa som digitale møte, webinar og e-læring. Når verda opnar opp for friare reiseverksemd, vil vi kombinere digitale løysingar med fysiske kurs i Johannesburg, Nairobi, Katmandu og Bogotá.

Vi ser etter deg som torer å tenke nytt. Du trivst med folk rundt deg, og du evnar å ta initiativ og ansvar. Det er mykje sjølvstendig arbeid i stillinga, så du må kunne prioritere og gjennomføre, også under press. I Norec legg vi dessutan opp til samarbeid, både internt og i kommunikasjon med andre. For å lykkast i jobben må du derfor like å jobbe i team og vere samarbeidsorientert og omgjengeleg.

Norec stiller krav til personleg?integritet og evne til å vise respekt for andre. I tillegg legg vi vet på å vere personlig eigna.


Ansvars- og arbeidsoppgåver

Kursleiarane våre har ansvar for planlegging, gjennomføring og vidareutvikling av kurs. Dei har også det faglege og praktiske ansvaret under kursa. Kursleiarane har dessutan administrative oppgåver knytte til evaluering, rapportering og arkivering. Stillinga vil medføre ein del reiseverksemd.

Dersom du synest dette høyrest interessant ut, har vi no ei ledig stilling som kursleiar.


Kvalifikasjonar
  • Du har relevant høgare utdanning.
  • Du har internasjonal arbeidserfaring og stor grad av interkulturell forståing.
  • Du har svært gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Andre språk er ein fordel.
  • Det er ein fordel om du har arbeidserfaring frå kurs- eller undervisningsverksemd.
  • Det er også ein fordel med erfaring frå eller interesse for digital utvikling og formidling.

Vi kan tilby

I Norec vil du få dyktige kollegaer som set pris på eit godt arbeidsmiljø. Vi legg til rette for både fagleg og personleg utvikling i jobben. Vi har gode velferdsordningar, og om du liker å trene, kan du gjere det i arbeidstida. Vi har fleksibel arbeidstid, så du når ein topptur før du stemplar inn om morgonen.

Stillinga blir lønna etter avtale innanfor staten sitt lønnsregulativ som rådgivar / kode 1434. Årslønna vil dermed ligge mellom 516 100 og 594 300 kroner (lønnstrinn 57-65 i lønnstabellen i hovudtariffavtalen med LO Stat, Unio og YS Stat). Nøyaktig lønnstrinn vil avhenge av utdanning og erfaring.

Vi tilbyr gode pensjons- og?forsikringsordningar?i Statens pensjonskasse.?Frå?lønna blir det?trekt?2 % til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon

Mangfald

Norec legg vekt på?mangfald. Vi?oppmodar?derfor alle som er kvalifiserte, om å søke på stillinga. Dette gjeld uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, kulturell?bakgrunn eller om du har vore borte frå arbeidslivet i periodar.

Offentleggjering

Vi?gjer?merksam på at?opplysningar?om?søkaren?kan bli offentleggjorde?sjølv?om?søkaren?har bede om å?ikkje?bli ført opp på?søkarlista. I så fall vil?søkaren?bli varsla om dette.

Ønsker du meir?informasjon om stillinga?

Ta kontakt med:

  • Øystein Garfors, seksjonsleiar for kurs. E-post: oystein.garfors@norec.no. Telefon: 41 53 06 03.
  • Marit Bakken, avdelingsdirektør for programavdelinga. E-post:?marit.bakken@norec.no. Telefon: 90 74 93 83.
  • Christine Tellnes, HR-ansvarleg. E-post:?christine.tellnes@norec.no. Telefon: 92 80 83 48.
  • ?Søknadsfrist:?22. august 2021
  • Arbeidsstad: Førde
  • Startdato: 1. januar 2022

Om arbeidsgiveren

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit forvaltningsorgan underlagt Utanriksdepartementet. Vi er ein dynamisk arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike medarbeidarar. Norec held til i Førde, omgitt av fjell og fjordar på det vakre Vestlandet.

Hovudoppgåva til Norec er å forvalte tilskot til prosjekt med internasjonal utveksling av frivillige og tilsette. I 2019 var 228 organisasjonar, institusjonar og verksemder frå 24 land involverte i 80 ulike partnarskap. Til saman utveksla desse partnarskapa 615 personar mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg.

Les mer om Norec på www.norec.no

Sektor
Offentlig
Sted
Fjellveien 9, 6800 Førde
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kurs og opplæring
Følg firma
359 følger dette firmaet

Fjellveien 9, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 226264110
Sist endret 28. jul. 2021 00:00

Rapporter annonse