Utløpt

Vil du jobbe med strategi og analyse i eit internasjonalt miljø?

Arbeidsgiver
Norec
Stillingstittel
Analyserådgivar
Frist
01.08.2021
Ansettelsesform
Fast
Om stillingen

Som analyserådgivar er du sentral i arbeidet med a? realisere strategien vår. Du samarbeider nært med leiinga og fagra?dgivarane.


Ansvars- og arbeidsoppgåver
  • samle inn data, analysere informasjon og produsere relevant statistikk
  • vedlikehalde og vidareutvikle Norec sin database for utvekslingsprosjekt
  • gjennomføre, analysere og rapportere frå brukarundersøkingar
  • formidle og presentere data og resultat internt og eksternt, både munnleg og skriftleg

Kvalifikasjonar
  • erfaring med statistikk og analysearbeid
  • skriftleg og munnleg formidlingskompetanse
  • relevant høgare utdanning innan forskingsmetode, statistikk og/eller analyse
  • særs gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til a? jobbe sjølvstendig og prioritere

Norec stiller krav til personleg integritet og evne til a? vise respekt for andre. Vi legg dessutan vekt på å vere personleg eigna.


Vi kan tilby
  • ei spennande moglegheit til a? vere med på a? utvikle Norec som kompetansesenter for utvekslingssamarbeid
  • eit godt arbeidsmiljø med positive og ambisiøse kollegaer
  • høve til bustadlån i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida

Stillinga blir lønna etter avtale innanfor staten sitt lønsregulativ som rådgivar / kode 1434 eller seniorrådgivar / kode 1364. Stillingsplassering vil avhenge av utdanning og erfaring.

Vi tilbyr gode pensjons- og?forsikringsordningar?i Statens pensjonskasse.?Frå?lønna blir det?trekt?2 % til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon

Mangfald

Norec legg vekt på?mangfald. Vi?oppmodar?derfor alle som er kvalifiserte, om å søke på stillinga. Dette gjeld uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, kulturell?bakgrunn eller om du har vore borte frå arbeidslivet i periodar[JS1] .

Offentleggjering

Vi?gjer?merksam på at?opplysningar?om?søkaren?kan bli offentleggjorde?sjølv?om?søkaren?har bede om å?ikkje?bli ført opp på?søkarlista. I så fall vil?søkaren?bli varsla om dette.

Ønsker du meir?informasjon om stillinga?

Ta kontakt med:

  • Morten Rørvik, avdelingsdirektør. Telefon: 91 00 55 09.
  • Anne Lise Bekjorden, seksjonsleiar for verksemdstyring. Telefon: 99 28 43 45.
  • Christine Tellnes, HR-ansvarleg. Telefon: 92 80 83 48.
  • Søknadsfrist:?01. august 2021
  • Arbeidsstad: Førde
  • Startdato: 1. oktober 2021 eller etter avtale

Om arbeidsgiveren

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit forvaltningsorgan underlagt Utanriksdepartementet. Vi er ein dynamisk arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike medarbeidarar. Norec held til i Førde, omgitt av fjell og fjordar på det vakre Vestlandet.

Hovudoppgåva til Norec er å forvalte tilskot til prosjekt med internasjonal utveksling av frivillige og tilsette. I 2019 var 228 organisasjonar, institusjonar og verksemder frå 24 land involverte i 80 ulike partnarskap. Til saman utveksla desse partnarskapa 615 personar mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg.

Les mer om Norec på www.norec.no

Sektor
Offentlig
Sted
Fjellveien 9, 6800 Førde
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Analyse,
Rådgivning
Følg firma
359 følger dette firmaet

Fjellveien 9, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 226264092
Sist endret 28. jul. 2021 00:00

Rapporter annonse