Utløpt

Fast 100% stilling som ruskonsulent i Surnadal kommune

Arbeidsgiver
Surnadal kommune
Stillingstittel
Ruskonsulent
Frist
15.08.2021
Ansettelsesform
Fast

Vi har ledig fast 100% stilling som ruskonsulent.

Til stillinga ligg ansvar for å vere med å vidareutvikle rusomsorga i kommunen og å fremme nettverksarbeid både mot nabokommunar og andre naturlege samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta.

Stillinga er ledig for oppstart snarast.

Ruskonsulenten skal saman med saksbehandlarar, psykiatrisk sjukepleiar, psykolog, aktivitetskontakt, ungdomskontakt, bustadsosialt arbeid og Nav, utgjere eit ressursteam innan rusområdet.


Arbeidsoppgåver:

  • Rusførebyggjande arbeid. Gjennom dialog og motivasjon medverke til at mennesker med eit rusproblem og evt psykisk liding får ein best muleg kvardag.
  • Råd og veiledning til rusavhengige og deira pårørande
  • Oppfølging av LAR- pasientar i samarbeid med andre
  • Oppfølging av rusmiddelmisbrukarar, før, under og etter behandling eller fengselsopphald. Opprette/ delta i ansvarsgrupper og utarbeiding av individuelle planer (IP) for dei med rusmiddelproblem, der dette er hensiktsmessig.
  • Oppfølging av individuelle behandlingsopplegg og henvisnig til spesialhelseteneste
  • Samhandle med tverretatlege tenester i kommunen, spesialisthelseteneste/rusinstitusjonar og andre.
  • Akuttoppdrag i regi av tenesta eller i samarbeid med andre instansar
  • Saksbehandling i samband med pasientbehandling og oppfølging
  • Delta i planarbeid som gjeld rusfeltet. I samarbeid med NAV skal ein motivere og arbeide for at personar innan målgruppa skal ha ein arbeidsaktivitet t.d ved bruk av kvalifiseringsprogrammet.

Hovedfokuset i stillinga skal vere arbeid med enkeltpersonar - i jobb, skule, i bustad og i høve til nettvertk/fritid- i nært samarbeid med pårørande.


Kvalifikasjonar:

  • Treårig sosialfagleg - , eller anna høgskule- /universitetsutdanning er eit krav
  • Ønskje om vidareutdanning innan rus- / psykisk helse
  • Erfaring frå rusarbeid er ein fordel
  • Søkjarar må ha evne til målretta og systematisk arbeid samt kunne arbeide tett med andre fagpersonar.
  • Ved tilsetting vil det bli lagt vekt på god skriftleg og munnleg framstillingsevne, personleg eignaheit, evne til sjølvstendig arbeid og vilje til samarbeid
  • Den som blir tilsett må kunne disponere bil. 


Vi kan tilby:

  • Vanlege kommunale tilsettingsvilkår etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle i hht kommunen sin personalplan
  • Variert og interessant arbeid i eit godt arbeidsmiljø

Om arbeidsgiveren

Surnadal kommune ligg på Nordmøre ved foten av Trollheimen og har ca 6000 innbyggjarar. Vi har eit variert næringsliv og barnehage- og skuletilbodet er godt utbygd. Kommunen har eit svært allsidig kultur- og organisasjonsliv.
Naturen er flott og variert, med lett tilgang til skog og mark, fjell, fjordar og elver.
Surnadal kommune er ein stor arbeidsplass med eit mangfald av oppgåver og tenester som blir utført av dyktige medarbeidarar. Vi tilbyr varierte og spanande arbeidsoppgåver, trivelege kollegaer og gode pensjonsordningar.
Vi har omlag 670 medarbeidarar fordelt på omlag 540 årsverk. Desse er fordelt på mange
ulike arbeidsstader, og med forskjellige yrke og kompetanse. Saman har vi eit felles ansvar for å arbeide til beste for innbyggarane vår.

Vi ønskjer tilsette som kan vere gode bidragsytarar i utviklinga av dei kommunale tenestene. Det er difor
viktig at du er fleksibel, tek ansvar, viser initiativ og kan bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Konsulent

Nøkkelord

Helse- og sosialfaglig utdanning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gunn Inger Bredesen
Stillingstittel
Einingsleiar
Mobil
48 12 25 49
Følg firma
8 følger dette firmaet

Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal

Annonseinformasjon

FINN-kode 225462508
Sist endret 30. aug. 2021 13:08

Rapporter annonse